Mari Sundli Tveit

Administrerande direktør

Sundli Tveit har solid leiarerfaring og forskings- og forskingspolitisk kompetanse. I tillegg har ho kunnskap om næringslivet sine forskings- og innovasjonsbehov gjennom erfaringa som direktør for politikk i NHO.

Ho har tidligare vore rektor ved NMBU og har også vore styreleiar for Universitets- og høgskolerådet. Sundli Tveit er utdanna naturforvaltar (cand.agric.) ved universiteta i Tromsø, Trondheim og Bergen og har ein doktorgrad i landskaparkitektur frå UMB (no NMBU).
Sundli Tveit har hatt ei rekkje verv innanfor FoU-sektoren, mellom anna som styremedlem i European University Association og i Chalmers Tekniska Högskola i Gøteborg.

Anne Kjersti Fahlvik

Områdedirektør - Næringsutvikling og nyskaping

Fahlvik har brei erfaring frå FoU- og innovasjonssystemet gjennom eigen forsking i Noreg og Sverige, forskar- og leiarroller i farmasøytisk industri i Noreg og USA i tillegg til erfaring frå ein investorfinansiert startup innanfor medtech. Ho har vore i Forskingsrådet sidan 2006, har doktorgrad i farmakologi frå Universitetet i Oslo, og er aktiv som foredragshaldar, evaluator, mentor og jurymedlem på norske og utanlandske innovasjons- og næringsarenaer.

Tove Karin Stølen

Områdedirektør (COO) - Verksemdsstyring og teknologi

Stølen har jobba i Forskingsrådet sidan 2013, og har ansvaret for å medverke til ei heilskapleg samordning, styring og utvikling av Forskingsrådet som organisasjon. Tidligare har ho mellom anna vore direktør for Landbruksdirektoratet, underdirektør for Sosial- og helsedepartementet og avdelingsdirektør for Nasjonalbiblioteket, kor ho også var i toppleiargruppa.

Jesper Werdelin Simonsen

Områdedirektør - Samfunnsutvikling og digitalisering

Simonsen er norsk landbruksøkonom og har tidligare vore statssekretær for Miljødepartementet for partiet Venstre, forskingsdirektør i Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (no del av NIBIO) og forskar ved Noregs landbrukshøgskole (nå NMBU). Han byrja i Forskingsrådet i 2000, kor han tidligare også har vore ansvarleg for helseforsking, global utvikling og samfunnsvitskapleg miljøforsking.

Fridtjof Fossum Unander

Områdedirektør - Bærekraft og grønt skifte

Før han kom til Forskingsrådet i 2008, var Unander viseadministrerande direktør og fungerande administrerande direktør i Enova SF, eit statlig føretak med ansvar for energieffektivisering og fornybar energiprogram i Noreg. Tidligare har han arbeidd i ni år for International Energy Agency (IEA) i Paris, kor han var fungerande leiar for divisjon for energiteknologi og hovedadministrator. Han har også vore seniorforskar ved Institute for Energy Technology (IFE) i Noreg og gjesteforskar ved Lawrence Berkeley National Laboratory, University of California, Berkeley.

Kristin Danielsen

Områdedirektør - Internasjonalisering og forskingssystemet

Danielsen har ein doktorgrad frå University of Kentucky innanfor hesteernæring og treningsfysiologi og har seks års erfaring frå næringslivet før ho byrja i Forskingsrådet i 2002. Ho har vore styreleiar for både EUREKA og The Association of Innovation Agencies in Europe (Taftie) og har hatt fleire verv under Europakommisjonen. Ho er no bl.a. styremedlem i NordForsk, medlem av Fulbright-styret i Noreg og styremedlem for SLU (det svenske landbruksuniversitetet).

Cathrine Torp

Områdedirektør - Kommunikasjon og brukaropplevingar

Kommunikasjon har ansvaret for at Forskingsrådets verkemidlar blir godt kjende hos målgruppene våre. Kommunikasjon skal også skape forståing for forskinga sitt bidrag til samfunnsutviklinga og ein kunnskapsbasert samfunnsdialog. Nasjonale tiltak som Forskingsdagane, Nysgjerrigper og Unge forskarar ligg difor under kommunikasjonsområdet.

Torp har brei erfaring frå tilsvarande rollar frå blant anna DNV GL, Statoil og Storebrand før ho byrja i Forskingsrådet i 2018. Ho er siviløkonom frå universitetet i Neuchatel og sit i Direksjonen i Polytekniske Forening, og i Noreg leiinga av EACD (European Association of Communication Directors).

Randi Søgnen

Stabsdirektør

Administrerande direktørs stab har det overordna koordineringsansvaret for bl.a. strategi, mål- og resultatstyring, interne styringsprosessar og -system, forskings- og innovasjonspolitikk og overordna rådgiving.

Søgnen er statsvitar og har jobba i Forskingsrådet sidan november 2009. Ho kom frå stillinga som assisterande direktør på Nordisk institutt for studier av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU). Ho var tidligare forskar og forskingsleiar same stad. Ho var også redaktør for fagbladet Forskningspolitikk (2003–2008). Søgnen har mangeårig erfaring med studium av forskingspolitikk og forskingsorganisasjon og med evaluering av forsking. Ho har hatt ulike styreverv og komitédeltakingar på feltet. Ho er no nasjonal delegat til OECDs vitskapskomité (CSTP).

Yves Boulmer

Områdedirektør (CFO) - Analyse og porteføljestyring

Boulmer byrja i Forskingsrådet i januar 2020. Han er siviløkonom frå handelshøgskolen ESSEC i Paris og har arbeidserfaring innanfor økonomistyring og finansiell rådgiving. Han har tidligare vore partnar i Deloitte og har i dei seinaste åra vore fagleg leiar for verdsetjing i skatteetaten kor han har leia ei tverrfagleg rådgivingseining med særleg vekt på internasjonale transaksjonar.

Boulmers ekspertise innanfor verksemdsverdsetjing og vurdering av teknologi og immaterielle rettar, er anerkjend, og han har lang erfaring med voldgiftsprosessar og rettsforhandlingar i verdifastsetjingssaker gjennom regelmessige utnemningar som voldgiftsmann, sakkyndig vitne eller dommar.