Utlysingar skreddarsydde for offentleg sektor i 2026
Offentleg sektor står i eit samansett og krevjande utfordringsbilete. Forskingsrådet trappar opp innsatsen retta mot offentleg sektor med fleire målretta utlysingar i år.
Demografiske endringar med fleire eldre, aukande utanforskapar blant barn og unge, klima- og miljøutfordringar, digitalisering og beredskap og samfunnstryggleik er nokre døme på utfordringar som krev mykje av våre offentlege tenester.
Dette skjer samtidig som kommunar og statlege verksemder manglar både folk og pengar. I dette biletet er eit stort potensial for å bruke forsking og innovasjon meir systematisk til å styrkje kapasitet, kvalitet og gjennomføringsevne i offentleg sektor.
Offentlege aktørar i hovudrolla
I alle utlysingane vi nemner her har offentleg aktørar ei hovudrolle, men i dei fleste utlysingane er det nødvendig å samarbeid med FoU-organisasjonar, næringslivet og andre samfunnssektorar.
Her er utlysingane i år spesielt tilpassa offentleg sektor:
- Offentlig sektor-ph.d. – doktorgradsprosjekt i offentlig virksomhet 2026
- Nettverk for å etablere motorkommuner
- Forprosjekt for å utvikle sentersøknader for å styrke bærekraftige kommunale helse-, omsorgs- og velferdstjenester
- Prosjektetablering og mobilisering for å utvikle forskningsbasert kunnskap som skal bidra til en bedre og mer effektiv offentlig sektor
- Obligatoriske forprosjekter for søknader om innovative offentlige anskaffelser
- Innovative offentlige anskaffelser
- Støtte til arrangement: aktuelle tema: demokrati og global utvikling, energi og transport, forskingssystemet, forsvarsevne, sikkerheit og beredskap, helseinnovasjon, klima og miljø, mat og bioressursar, moggleggjerande teknologiar, tema på tvers
- Innovasjonsprosjekt i offentleg sektor (lenkje kjem)
- Pilot Helse (to-tinns søknadsbehandling) første trinn blir gjennomført i 2026 (lenkje kjem)
Eit uforløyst potensial for offentlege innkjøp i Noreg
Dei innovative løysingane som får støtte skal takast i bruk av fleire offentlege verksemder, og kunnskapen skal takast i bruk i tenestene.
I tillegg er målet eit samfunnsnyttig offentleg-privat samspel, særleg med tanke på korleis sektoren bruker offentleg innkjøp. Kvart år kjøper det offentlege Noreg varer og tenester i milliardklassen og her ligg det, slik vi ser det, eit stort og uforløyst potensial for innovasjon.
Mange utfordringar der kunnskap er løysinga
Offentleg sektor skal dagleg handtere komplekse oppgåver som mellom anna inneber at vi blir fleire eldre og at barn og unge hamnar utanfor skule og yrkesliv. I tillegg skal sektoren førebyggje sårbarheit og gi rom for sårbare grupper, ein skal digitalisere raskare og ha planar og tiltak klare for beredskap og samfunnssikkerheit.
Dette er oppgåver kommunane må gjennomføre med knappe ressursar, samtidig som systemiske utfordringar skal handterast og forbetrast. Døme på dette er kompetanseutfordringar, svak koordinering på tvers av kommunane, svekt økonomi på kommune- og fylkeskommunalt nivå, risiko for digital gjeld, auka behov for grøn omstilling og verdiskaping.
Kunnskap er løysinga for å kunne styrkje kultur og kapasitetar i sektoren og for å styrkje kulturen for innovasjon og det å ta i bruk nye løysingar. Dei gode løysingane må også kunne delast og takast i bruk av andre kommunar.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 15. april 2026, kl. 17.10 CEST