Spør KI-samtaleroboten vår

Nye utlysingar for verksemder i offentleg sektor i 2026

I år lyser vi ut midlar til innovasjon i offentleg sektor og til samarbeid mellom offentlege aktørar og samarbeidspartnarar frå forskingssektoren i prosjekt. Nokre av utlysingane er allereie publiserte og andre vil bli publisert mars–april. Sjå oversikta her.

Midlane skal gå til nettverksbygging, til etablering av gode konsortium, til kapasitetsbygging i offentleg sektor og til forskningsdrivne innovasjonsprosjekt.

Innovasjonsprosjekta skal byggje på mellom offentlege verksemder i tett samarbeid med FoU-organisasjonar og andre samfunnssektorar, som mellom anna frivilligheit og næringslivet.

Her er utlysingane i år så langt for offentleg sektor (blir oppdatert):

Eit uforløyst potensial for offentlege innkjøp i Noreg

Dei innovative løysingane som får støtte skal takast i bruk av fleire offentlege verksemder, og kunnskapen skal takast i bruk i tenestene.

I tillegg er målet eit samfunnsnyttig offentleg-privat samspel, særleg med tanke på korleis sektoren bruker offentleg innkjøp. Kvart år kjøper det offentlege Noreg varer og tenester i milliardklassen og her ligg det, slik vi ser det, eit stort og uforløyst potensial for innovasjon.

Mange utfordringar der kunnskap er løysinga

Offentleg sektor skal dagleg handtere komplekse oppgåver som mellom anna inneber at vi blir fleire eldre og at barn og unge hamnar utanfor skule og yrkesliv. I tillegg skal sektoren førebyggje sårbarheit og gi rom for sårbare grupper, ein skal digitalisere raskare og ha planar og tiltak klare for beredskap og samfunnssikkerheit. 

Dette er oppgåver kommunane må gjennomføre med knappe ressursar, samtidig som systemiske utfordringar skal handterast og forbetrast. Døme på dette er kompetanseutfordringar, svak koordinering på tvers av kommunane, svekt økonomi på kommune- og fylkeskommunalt nivå, risiko for digital gjeld, auka behov for grøn omstilling og verdiskaping.

Kunnskap er løysinga for å kunne styrkje kultur og kapasitetar i sektoren og for å styrkje kulturen for innovasjon og det å ta i bruk nye løysingar. Dei gode løysingane må også kunne delast og takast i bruk av andre kommunar.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 25. mars 2026, kl. 15.09 CET

Viktig varsel

Det er planlagt nedetid for SkatteFUNN fra fredag 27. mars kl. 12 til onsdag 8. april kl. 7. Det er ikke mulig å sende inn en søknad i løpet av nedetiden.