Spør KI-samtaleroboten vår

Ny utlysing og informasjonsmøte: Nytt europeisk partnarskap på kulturarv

Noreg deltek i det nye europeiske partnarskapet Resilient Cultural Heritage (RCH) som opnar for utlysingar norske aktørar kan søkje på. Første utlysing er tentativt i april–mai. Vi inviterer til informasjonsmøte om partnarskapet 27. mars.

Partnarskapet startar no i 2026 og skal styrkje forsking og innovasjon på kulturarv i møte med klima- og miljøendringar og berekraftig omstilling.

Partnarskapet er ein del av Horisont Europa og blir etablert som eit langsiktig, tiårig samarbeid med felles europeiske utlysingar. Målet er å samordne forsking og innovasjon på kulturarv på tvers av land. Her skal ein leggje vekt på korleis klima- og miljøendringar påverkar kulturarv og korleis kulturarvbasert kunnskap kan bidra til berekraftig omstilling.

Norske aktørar kan søkje om å delta i partnarskapet

Norsk deltaking i partnarskapet opnar for at norske aktørar kan søkje finansiering gjennom felles europeiske utlysingar der aktørar frå fleire land søkjer saman.

Forskingsrådet representerer Noreg i partnarskapet saman med Klima- og miljødepartementet (KLD). Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) er også involvert i arbeidet. Ved å delta bidreg Noreg til å utvikle prioriteringar og utlysingar i partnarskapet.

– Resilient Cultural Heritage samlar fagmiljø på tvers av fag og landegrenser for å utvikle ny kunnskap om korleis kulturarv kan bevarast og brukast i møte med klima- og miljøendringar. Dette arbeidet vil styrkje forsking, forvaltning, politikk og praksis på feltet, seier områdedirektør for berekraftig samfunnsutvikling, Eva Falleth i Forskingsrådet.

Utlysingar for norske fagmiljø

Utlysingane i partnarskapet vil dekkje forsking og innovasjon knytt til mellom anna kulturarv og klima og miljø, kulturarv og samfunn, og kulturarv og forvaltning. Første utlysing skal etter planen lanserast i april–mai.

Informasjonsmøte om partnarskapet

Vi arrangerer eit informasjonsmøte om det nye partnarskapet 27. mars kl. 09.30-10.30. Lenkje til påmelding finst her: Informasjonsmøte: Europeisk partnarskap for Resilient Cultural Heritage.

Vil du delta i ei nasjonal ressursgruppe for partnarskapet?

For å sikre brei involvering av norske aktørar skal vi opprette ei nasjonal ressursgruppe for partnarskapet med oppstart i juni. Medlemmene bør ha god kjennskap til tema som er relevante for partnarskapet knytt til kulturarv og/eller klimaendringar og gjerne internasjonalt samarbeid.

Gruppa vil få tilgang til oppdatert informasjon om partnarskapet, og er tenkt til å bidra til informasjonsdeling og styrkje mobilisering på tvers av sektorar. Andre oppgåver kan tilkomme gruppa etter kvart.

Relevante aktørar kan melde interesse for å delta i ressursgruppa innan 27. april 2026 her: Interesse for deltaking i nasjonal ressursgruppe - Resilient Cultural Heritage – Fill out form.

Deltaking i gruppa vil i utgangspunktet vare i tre år.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 5. februar 2026, kl. 14.49 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.
{ }