Spør KI-samtaleroboten vår

Fiskeri og havbruk: planlagde utlysingar til nye prosjekt i 2026

Forsking og utvikling innan hav og sjømat er viktige satsingsområde i Noreg. Forskingsrådet planlegg å lyse ut meir enn 235 millionar kroner i 2026 til nye forskingsprosjekt innan havbruk og fiskeri.

I 2026 blir det fleire endringar for dei fleste utlysingane i Forskningsrådet. Årsaka er at vi går over til eit nytt søknadssystem. Dette finn du meir informasjon om her:

Vi jobbar med utlysingane og publiserer dei fortløpande så snart dei er klare. Her gir vi deg ei oversikt over planlagde utlysingar som rettar seg spesielt mot fiskeri og havbruk.

Innovasjonsprosjekt i næringslivet: Sjømat 2026

Innovasjonsprosjektutlysinga for sjømatnæringa er publisert, men den er førebels ikkje opna for å sende inn søknader. Utlysinga har løpande søknadsmottak, som betyr at vi tek imot og behandlar søknader etter kvart som dei kjem inn. Når midlane er brukte opp, stengjer vi utlysinga. Det er sett av inntil 65 millionar kroner til prosjekt innan havbruk og fiskeri.

Vidareføring av samarbeid om mat, miljø, klima og folkehelse

Gjennom denne utlysinga støttar vi prosjekt som undersøkjer samanhengar og effektar mellom mat, miljø og/eller klima og folkehelse. Dette er tredje året vi har utlysing med denne tematikken. Som tidlegare må prosjekta vere samarbeidsprosjekt mellom forskingsorganisasjonar og bedrifter eller andre organisasjonar. 

Det er sett av inntil 67 millionar kroner, og den planlagde søknadsfristen er 20. mai 2026. Etter årets utlysing planlegg vi ei utlysing om kunnskapsoppsummering på dette feltet i 2027, før det eventuelt kjem nye utlysingar i 2028 og vidare framover.

  • Denne utlysinga er enno ikkje publisert

Vidareføring av samarbeid om samfunnstryggleik og beredskap

Prosjekta må omhandle samfunnstryggleik og beredskap i Noreg, norske havområde eller polarområda. Søknaden må vere relevant for minst eitt av dei kunngjorde temaa. For sjømatnæringa er aktuelle tema:

  • Nasjonal mattryggleik og matforsyning (inkludert sjømat)
  • Førebygging og kamp mot organisert kriminalitet, inkludert fiskerikriminalitet

Det er mange tema i utlysinga, og samla deler vi ut nærare 400 millionar kroner. Porteføljestyret for mat og bioressursar bidreg med 24 millionar kroner. Planlagd søknadsfrist er 20. mai.

Korleis klima og miljø påverkar kystnære fiskebestandar

Denne utlysinga gir støtte til forskingsprosjekt som skal finne ny kunnskap om korleis lokale og kystnære fiskebestandar i kystsona og fjordane - inkludert Svalbard - reagerer på endringar i klima og miljø. Det er sett av nesten 115 millionar kroner til denne utlysinga. Planlagd søknadsfrist er 22. april.

Framtidsretta havbruk - oppfølging av Havbruksmeldinga

Med denne utlysinga støttar vi forsking på dagens havbruksforvaltning, behov for endringar og moglege nye system. Utlysinga omfattar også følgjeforsking på utviklinga av nytt regelverk. Det er mogleg å inkludere partnarar utanfor forskingssektoren dersom det har verdi for prosjektet, men det er ikkje eit krav. Vi set av inntil 36 millionar kroner til denne utlysinga. Planlagd søknadsfrist er 20. mai.

  • Denne utlysinga blir publisert om kort tid

Internasjonalt samarbeid

EU har kunngjort ny runde i partnarskapet for dyrehelse og dyrevelferd (EUPAHW). Planlagd skissefrist er 30. mars. Forskingsrådet set av inntil 12 millionar kroner til forsking på havdyr.

For andre gong annonserer Belmont Forum ei utlysing om havmiljø, biologisk mangfald og samfunn. Planalgd skissefrist er 30. april. Forskingsrådet bidreg med 27 millionar kroner til norske forskingsorganisasjonar i denne utlysinga.

Forskingsrådet deltek også med 12 millionar kroner i JPI Oceans-utlysinga «Joint Call on Blue Carbon Ecosystems», som gjeld forsking på «blått karbon». Planlagd søknadsfrist er 2. mars.

Støtte til arrangement

Vi gir støtte til arrangement som fremjar forsking og innovasjon innan mat og bioressursar, med vekt på havbasert mat og bioressursar. Til saman er det sett av inntil 2 millionar kroner, og du kan sende søknad når som helst. Vi behandlar søknader fortløpande.

Vi har her samanfatta utlysingane for 2026 som rettar seg direkte mot fiskeri og havbruk. For meir informasjon - og for utlysingar som enno ikkje er publiserte - sjå investeringsplanen for porteføljestyret mat og bioressursar for 2026–2028.

Forskingsrådet har også fleire andre opne utlysingar for marin forsking, til dømes FRIPRO, banebrytande mogleggjerande teknologiar og SkatteFUNN. I tillegg er den store utlysinga Grønn plattform aktuell. 

Følg med på nettsidene våre for oppdatert informasjon om utlysingar. Her publiserer vi nye utlysingstekstar og oppdaterer informasjon om søknadsprosessane.

Du kan også få informasjon om utlysingar i nyheitsbrevet til Forskingsrådets. Om du ikkje allereie abonnerer, kan du melde deg på og velje temaet «Mat og bioressursar» for aktuell informasjon om fiskeri og havbruk.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 17. februar 2026, kl. 01.14 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.
{ }