Spør KI-samtaleroboten vår

Regjeringa lanserer seks delmål for samfunnsoppdraget for inkludering av barn og unge

Delmåla dekkjer deltaking i barnehage, skule, fritidsaktivitetar og arbeid, psykiske helseplager og livskvalitet. Det overordna målet er å redusere utanforskap blant barn og unge stort fram mot 2035.

to kvinnlige og en mannlig student sitter med hver sin PC ved et picnicbord

6. juni la regjeringa fram rapporten Stortingsmelding om sosial utjamning og like moglegheiter i oppveksten – Styrkte innsats for ein trygg oppvekst med like moglegheiter.

Stortingsmeldinga handlar om å redusere ulikskapar gjennom tidleg innsats, universelle ordningar og å bidra til at flest mogleg kjem i arbeid.

I denne meldinga presenterer regjeringa eit overordna mål og seks delmål for samfunnsoppdraget for inkludering av barn og unge.

Overordna mål

Utanforskap blant barn og unge blir redusert betydeleg innan 2035

Delmål

For å nå det overordna målet må vi

  1. auke deltakinga i barnehage blant barn frå familiar med låg sosioøkonomisk status.
  2. auke andelen ungdom som deltek i organiserte fritidsaktivitetar, med 10 prosentpoeng.
  3. halvere andelen barn og unge med låg livskvalitet.
  4. redusere dei sjølvrapporterte psykiske helseplagene til barn og unge med 25 prosent.
  5. auke andelen unge som fullfører vidaregåande opplæring.
  6. auke talet på unge som er i jobb og utdanning betydeleg.

Etter planen skal delmåla vidareutviklast og justerast i lys av utviklinga i perioden fram mot 2035. 

Forskingsrådet er vertskap for innsatsgruppe

Forskingsrådet har fått i oppdrag å vere vertskap for ei innsatsgruppe for inkludering av barn og unge.

Innsatsgruppa skal vidareutvikle delmåla og indikatorane om ung utanforskap, utforske flaskehalsar, barrierar og hindringar i det eksisterande systemet og gi råd og forslag om forbetringar.

– Vi er veldig nøgde med det ambisiøse målet for samfunnsoppdraget og gler oss til å følgje dei opp i tett samarbeid med forskingsmiljøa og aktørane i offentleg, privat og frivillig sektor. Vi må jobbe systematisk og kunnskapsbasert og måle effekten av tiltak for inkludering om vi skal finne ut kva som fektisk fungerer for å redusere utanforskap og få fleire unge i arbeid, seier Mari Sundli Tveit, administrerande direktør i Forskingsrådet.

Innsatsgruppa vil formelt starte arbeidet sitt hausten 2025.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 25. juni 2025, kl. 15.58 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.