Forskingsrådet innfører nytt og meir brukarvennleg søknadsskjema i 2026
I løpet av 2026 vil alle som søkjer om støtte til forskings- og innovasjonsprosjekt bruke det nye systemet.
Vi har tre overordna mål for det nye søknadsbehandlingssystemet:
- betre tenester for søkjarane
- auka effektivitet i forvaltninga
- betre innsikt i og analyse av data
Nytt skjema vil bli teke i bruk i takt med utlysingane som kjem utover våren.
Meld deg på webinaret Endringer i søknadsbehandling og nytt søknadsskjema (29. januar).
Kva betyr endringane for deg som søkjar?
Dette er nokre av dei viktigaste endringane som du som søkjar vil oppleve:
- Du får ei tryggare innlogging i staden for passordløysing. Vi bruker fellesløysingar som allereie er utvikla, som ID-porten, Brønnøysundregisteret og Folkeregisteret.
- Du får eit meir brukarvennleg og universelt utforma grensesnitt.
- Det vil bli enklare å sjå kva du som søkjar blir vurdert på gjennom tydelegare inndeling på kriterium.
- Vi har lagt inn automatisk berekning av mogleg tilskot per søknad. Prosjektbeskrivinga skal i det nye systemet skrivast direkte inn i søknadsskjemaet og ikkje som eit eige vedlegg.
SkatteFUNN-søkjarar byrja å bruke systemet i 2024.
Søkjarundersøkingar viser at søkjarane synest det nye systemet er lett å bruke og fungerer godt.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 29. mars 2026, kl. 20.40 CEST
Viktig varsel
Det er planlagt nedetid for SkatteFUNN fra fredag 27. mars kl. 12 til onsdag 8. april kl. 7. Det er ikke mulig å sende inn en søknad i løpet av nedetiden.