No kan du foreslå medlemmer til Forskingsrådets porteføljestyre for forsvarsevne, tryggleik og beredskap
Forskingsrådet opprettar eit nytt porteføljestyre som skal styrkje kunnskapen om forsvarsevne, tryggleik og beredskap. Fram til 14. november 2025 kan du foreslå kandidatar til styret, som startar arbeidet sitt etter nyttår.
– Den geopolitiske situasjonen har endra seg stort dei siste åra. Vi treng meir forsking på ei rekkje tema knytt til forsvarsevne, tryggleik og beredskap, og det er avgjerande at sivile forskingsmiljø bidreg meir aktivt og samarbeider tettare med relevante aktørar. Derfor opprettar vi eit eige porteføljestyre på dette området, seier Mari Sundli Tveit, administrerande direktør i Forskingsrådet.
Kva gjer porteføljestyret?
Porteføljestyra er underlagde Forskingsrådets styre. Porteføljestyra skal gi råd om heilskapen i Forskingsrådets arbeid, og gjere vedtak om tildeling av midlar.
Det nye porteføljestyret skal bidra til målretta forsking og utvikling som styrkjer Noregs forsvarsevne, tryggleik og beredskap. Styret skal mellom anna:
- Gjere heilskaplege vurderingar og analysar, inkludert behandling av skjermingsverdig informasjon.
- Gi råd om satsingar til Forskingsrådets styre og administrasjon.
- Ha ansvar for eigne investeringar og samarbeide med andre porteføljestyre.
- Styrkje norsk forsking og innovasjon som er viktig for både Forsvaret og sivile styresmakter.
- Kople forskingsmiljø tettare med styresmakter og brukarar av kunnskap, og sikre rask tilgang til ny innsikt.
Samansetning og kompetanse
Porteføljen omfattar forsking som både styrkjer Forsvarets eigne kapasitetar og den sivile støtta innanfor totalforsvaret. Temaet er sektorovergripande, og det er viktig å utnytte moglegheitene for sivilt-militært samarbeid og tverrsektoriell kunnskapsutvikling. Styret skal også fremje norsk deltaking i internasjonalt forskingssamarbeid, mellom anna i EU og NATO.
Det er ønskjeleg at medlemmene i porteføljestyret har god kjennskap til breidda av utfordringar og kunnskapsbehov knytt til forsvarsevne, tryggleik og beredskap. Samla sett bør styret ha kompetanse og erfaring innan:
- Forsvarssektoren
- Totalforsvaret, og sivilt militært samarbeid
- Forskings- og innovasjonssystemet
- Nasjonale og internasjonale utviklingstrekk
- Formidling og bruk av forskingsbasert kunnskap
Medlemmene må kunne vurdere behovet for når kunnskap bør skjermast eller graderast. Dei blir utnemnde på bakgrunn av personlege kvalifikasjonar, og skal ikkje representere institusjonar eller organisasjonar. Medlemmene blir utnemnde for to år. Erfaring frå forsvarssektoren, offentlege tryggingsstyresmakter, andre offentlege verksemder, forskingsinstitusjonar, frivillig sektor og næringsliv er ønskjeleg.
Det er også mogleg å foreslå medlemmer frå allierte land, føresett at dei meistrar eit skandinavisk språk.
Tryggleiksklarering og habilitet
Medlemmene må kunne tryggleiksklarerast til minimum nivå HEMMELEG (nasjonal tryggleiksklarering). For å sikre eit vedtaksført styre, må minst halvparten av medlemmene vere habile i sakene som blir behandla. Dette vil bli teke omsyn til ved samansetninga.
Slik foreslår du medlemmer
Send forslag via dette skjemaet.
Alle opplysningar blir behandla i tråd med offentleglova, personopplysningslova og anna regelverk for personvern.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 25. oktober 2025, kl. 01.06 CEST