43 millionar kroner til satsing på kvanteteknologi
Regjeringa vil sikre at Noreg heng med i det internasjonale kunnskapskappløpet om kvanteteknologi. No deler Forskingsrådet ut til saman 43 millionar til forskingsutstyr til kvanteteknologisk forsking.
Tildelinga er ein del av den nye satsinga på kvanteteknologi.
– Kvanteteknologi vil få mykje å seie for nasjonal tryggleik. Teknologien vil snu opp ned på korleis vi samlar inn og analyserer data. På sikt vil kvantedatamaskiner og kvantesensorar kunne knekke krypteringskodar og gi oss GPS-uavhengig navigasjon. For å halde Noreg sikkert, må vi henge med i kvanteutviklinga, seier forsvarsminister Tore O. Sandvik.
Å utvikle kvanteteknologi krev spesialisert utstyr. Det vil regjeringa no investere i:
– No får norske forskingsmiljø tilgang til relevant og oppdatert utstyr til å drive kvanteteknologisk forsking. Dette treng vi for å utvikle norske fagmiljø i verdstoppen innanfor berekning, sensorar og kommunikasjon med kvanteteknologi. Dette er avansert kunnskap og teknologi som gjer Noreg tryggare seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap).
Byggjer sterke fagmiljø
Tildelinga er ein del av satsinga på kvanteteknologi og ei viktig førebuing til oppskaleringa av norsk kvanteforsking. I desember 2025 skal Forskingsrådet dele ut inntil 244 millionar til fire nasjonale senter for kvanteteknologisk forsking.
– Noreg har behov for sterke fagmiljø som driv banebrytande forsking innanfor kvanteteknologi. Skal vi lykkast med dette, må vi investere meir i forskingsinfrastruktur. Eg ser fram til å bidra i utviklinga framover, seier administrerande direktør i Forskingsrådet Sundli Tveit.
I tillegg til dette har Noreg underteikna ei samarbeidserklæring om kvanteteknologi med dei andre nordiske landa (lenkje) og regjeringa har sett i gang arbeidet med ein nasjonal kvantestrategi (lenkje).
Desse får støtte
The Norwegian Micro and Nanofabrication Facility towards Quantum Technology
I prosjektet vil NorFab, den norske nasjonale infrastrukturen for mikro- og nanofabrikasjon – som er eit samarbeid mellom NTNU, UiO, USN, og SINTEF – investere i utstyr som vil støtte og styrkje kvanteforsking i Noreg ved å gjere det mogleg å forske på, utvikle og produsere kvanteteknologiske komponentar, slik som kvantesensorar og liknande teknologi. Prosjektet får 35 millionar kroner.
Quantum Extension of the Norwegian Research Infrastructure
Sigma2, Simula, SINTEF og OsloMet får 8 millionar kroner til å styrkje nasjonal forskingsinfrastruktur for kvanteberekning gjennom utviding av dei nasjonale tungrekningsinfrastrukturane NRIS og eX3. Dette vil gi norske miljø tilgang til europeisk forskingsinfrastruktur for kvanteberekning (LUMI-Q), og til lokale emuleringsmiljø og programvare som kombinerer kvante- og klassisk databehandling. I tillegg vil dei i prosjektet utvikle ei treningsplattform for å gi praktiske ferdigheiter i kvantealgoritmedesign, kvanteforsterka simulering og hybrid arbeidsflyt.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 19. juni 2025, kl. 13.13 CEST