Spør KI-samtaleroboten vår

116 millionar til forsking for inkludering av barn og unge

Forskingsrådet støttar no ti prosjekt som til saman får 116 millionar kroner til forsking for tverrfagleg arbeid med inkludering av barn og unge i samfunnsliv, utdanning og arbeidsliv.

Tildelinga støttar opp under samfunnsoppdraget «Ingen barn og unge utanfor!» som har som mål å redusere utanforskap og sikre at alle barn og unge får like høve til å delta og lykkast.  

– Vi ønskjer at alle barn og unge i Noreg skal vekse opp i eit samfunn der dei kjenner seg som ein del av fellesskapen, uavhengig av livssituasjonen til foreldra. Der er vi ikkje i dag, og vi vil vite meir om kva som fungerer, og bruke ressursane klokt. No deler vi ut midlar til forsking om nye og betre måtar for å forhindre utanforskap, seier barne- og familieminister Lene Vågslid.

Over 100 000 barn og unge i alderen 15–29 år står i dag utanfor skule, studiar og arbeidsliv. Dette kostar samfunnet over 73 milliardar kroner årleg. Samfunnsoppdraget «Ingen barn og unge utanfor!» har som mål å snu denne utviklinga. Det er eit felles krafttak der politikarar, kommunar, forskarar, næringsliv og sivilsamfunnsorganisasjonar jobbar målretta saman med barn og unge for å finne løysingar på utanforskap. Målet er at fleire barn og unge skal ha god psykisk helse, betre livskvalitet, fullføre utdanning og få jobb.

Heile samfunnet må med

Denne hausten startar innsatsgruppa for samfunnsoppdraget arbeidet sitt. Gruppa fungerer som ein strategisk motor som samlar aktørar frå forsking, praksisfelt, frivilligheit og styresmakter, og bidreg til å utvikle og skalere tiltak som kan gi varig effekt. Gjennom dette arbeidet styrkjer gruppa retninga og gjennomføringskrafta i samfunnsoppdraget. Forskingsrådet er vertskap for innsatsgruppa. 

– Samfunnsoppdraget er eit krafttak for å samle og skalere opp tiltak vi veit verkar, samtidig som vi opnar rom for å teste nye idear. Forskinga er heilt sentral i dette arbeidet, fordi ho gir oss innsikt i kva som faktisk hjelper barn og unge inn i fellesskapen. Dette er ikkje berre staten Noreg oppgåva si, men det felles ansvaret i heile samfunnet. No treng vi alle gode krefter med på laget, forskarar, fagfolk, frivillige og næringsliv, for å sikre at ingen barn og unge skal stå utanfor, seier Solveig Korum, leiar av innsatsgruppa for samfunnsoppdraget «Ingen barn og unge utanfor!».

Forsking speler ei avgjerande rolle 

Forsking og innovasjon blir ein sentral del av samfunnsoppdraget og skal sikre at gode kunnskapsbaserte tiltak blir løfta fram og delte. 

– Forsking speler ei avgjerande rolle i å løyse komplekse samfunnsutfordringar, og prosjekta vi no støttar er gode døme på korleis kunnskap kan bidra til betre inkludering og livskvalitet for barn og unge. Når forskinga blir kopla tett til praksis og blir utvikla i samarbeid med brukarar og tenesteytarar, får vi løysingar som er både relevante og berekraftige. Dette viser korleis forsking kan vere ei drivkraft for sosial endring, seier Mari Sundli Tveit, administrerande direktør i Forskingsrådet.  

Prosjekta skal utvikle nye løysingar for å redusere utanforskap, framme sosial inkludering og styrke deltaking blant barn og unge i Noreg. Prosjekta rettar seg mot ulike målgrupper, mellom anna skuleelevar med fråværsproblem, ungdom utanfor arbeid og utdanning, flyktningbarn og unge som manglar fritidstilbod. Tilnærmingane varierer og inkluderer musikkbaserte aktivitetar, sjølvorganisert fysisk aktivitet, rettslege rammeverk og tverrfagleg tenesteutvikling.  

Felles for prosjekta er ei sterk vekt på samskaping og samarbeid mellom aktørar frå utdanning, helse, barnevern, NAV, frivillige organisasjonar og trusbaserte miljø. Målet er å utvikle overførbare modellar og verktøy som kan bidra til betre inkludering, tilhøyrsel og rettar for barn og unge i alderen seks til 29 år, og samtidig styrke samfunnet gjennom kunnskapsbasert praksis og innovasjon. 

Desse ti prosjekta får støtte

Namn på institusjon: Griegakademiet
Tittel: RESONATE - Reducing School Dropout and Enhancing Pupils’ Sense of Belonging and Participation through Co-created Music-based Activities
Innstilt beløp mill. kr: 12
Fylke: Vestland
Kommune: Bergen

Namn på institusjon: Nordlandsforskning
Tittel: Youth Outside work and education – Understanding Traits and Hurdles
Innstilt beløp mill. kr: 12
Fylke: Nordland
Kommune: Bodø

Namn på institusjon: Universitetet i Sørøst-Norge
Tittel: To facilitate for self-organised sport and physical activity – an arena to include young people
Innstilt beløp mill. kr: 11,99
Fylke: Telemark
Kommune:

Namn på institusjon: MF Vitenskapelige høyskole
Tittel: Faith based organisations as Cocreators: Countering School Attendance Problems
Innstilt beløp mill. kr: 11,99
Fylke: Oslo
Kommune: Oslo

Namn på institusjon: NORCE Norwegian Research Centre AS
Tittel: Collaboration and innovation to promote social inclusion for youth with complex needs
Innstilt beløp mill. kr: 12
Fylke: Vestland
Kommune: Bergen

Namn på institusjon: Fafo
Tittel: Mapping Care: Coordination, Gaps, and Barriers in Support for Refugee Children
Innstilt beløp mill. kr: 12
Fylke: Oslo
Kommune: Oslo

Namn på institusjon: OsloMet - Storbyuniversitetet
Tittel: From Refugee to Co-Creator: Navigating Integration of Youth Amid Uncertainty
Innstilt beløp mill. kr: 11,6
Fylke: Oslo
Kommune: Oslo

Namn på institusjon: Universitetet i Bergen
Tittel: Inclusive Educational Rights: Balancing Rights of Violent Children, Their Peers and Educators
Innstilt beløp mill. kr: 8,1
Fylke: Vestland
Kommune: Bergen

Namn på institusjon: NIFU
Tittel: Included After School – After-school programs as an arena for inclusion and collaboration
Innstilt beløp mill. kr: 12
Fylke: Oslo
Kommune: Oslo

Namn på institusjon: NTNU Samfunnsforskning AS
Tittel: [SEFYR] – Seamless follow-up services for youth at risk
Innstilt beløp mill. kr: 12
Fylke: Trøndelag
Kommune: Trondheim

Meldinger ved utskriftstidspunkt 2. oktober 2025, kl. 13.31 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.