Rekordmykje EU-pengar til norsk forsking
Norske forskarar og bedrifter er på 8. plass av totalt 140 land når det gjeld å hente pengar frå verdas største forskings- og innovasjonsprogram, Horisont Europa. Målt i forskarårsverk, er Noreg det landet som har konkurrert seg til mest EU-pengar.
Horisont Europa har eit budsjett på rundt éin billion norske kroner i perioden 2021–2027. Ambisjonen er at norske deltakarar skal hente heim 2,8 prosent av pengane som vert lyste ut. Til no har norske aktørar konkurrert seg til nesten 15 milliardar kroner, eller 3,31 prosent. Noreg ligg med det også framfor dei andre nordiske landa.
– Europa må styrke konkurransekrafta si, og det hastar. Her spelar forsking og innovasjon nøkkelroller. Då er det godt nytt at Noreg går milliardar i pluss gjennom deltakinga vår i Horisont Europa. Noreg har vorte ein respektert samarbeidspartnar i Europa og det synest.
– Norske aktørar tek i stadig større grad leiarrolla i prosjekta, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).
– Det er svært positivt at norske forskingsmiljø gjer det så bra i Horisont Europa, seier administrerande direktør i Forskningsrådet Mari Sundli Tveit.
– Desse prosjekta er med på å flytte forskingsfronten og gir både auka forskingskvalitet og konkurransekraft. Dei gode resultata viser at vi er ein ettertrakta samarbeidspartner innanfor europeisk forskings- og innovasjonssamarbeid, seier Sundli Tveit.
På same tid får søknader med norsk deltaking betydeleg oftare tilslag enn snittet for alle søknadene som er komne inn til Horisont Europa. Det er norske deltakarar i 1404 godkjende prosjekt. Det er nesten 10 prosent av alle prosjekta som har fått pengar.
Resultata frå dei godkjende prosjekta viser at 71 prosent av midlane Noreg har motteke så langt, er innanfor områda globale utfordringar og konkurransedyktig næringsliv.
– Norsk næringsliv gjer det godt i Horisont Europa, trass i sterk konkurranse. Dette viser kvaliteten på norske prosjekt. Deltakinga gir tilgang til kunnskap og samarbeid med europeiske FoU-miljø, som styrker konkurranseevna og bidreg til verdiskaping her heime, seier næringsminister Cecilie Myrseth (Ap)
Høgste del norskleia prosjekt nokon gong
Norske aktørar held fram med å ta leiarrolla i eigne prosjekt. Nesten kvart fjerde samarbeidsprosjekt med norsk deltaking har norsk koordinator. Dette er høgare enn nokon gong før.
Av dei norske aktørane er det framleis SINTEF som gjer det desidert best, medan NTNU og Universitetet i Oslo gjer det best blant universiteta. Blant institutta gjer NORCE og IFE – Institutt for energiteknikk det svært godt.
Topp 15 norske aktørar i Horisont Europa
Organisasjonsnamn | Mill. euro |
SINTEF | 186,3 |
Coalition for Epidemic Preparedness Innovations | 140,0 |
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) | 119,1 |
Universitetet i Oslo | 111,6 |
Universitetet i Bergen | 48,9 |
Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet | 37,7 |
NORCE Norwegian Research Centre | 32,2 |
Oslo Universitetssjukehus HF | 21,2 |
Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) | 18,1 |
Institutt for energiteknikk | 14,8 |
Folkehelseinstituttet | 14,0 |
NILU | 13,8 |
NIBIO – Norsk institutt for bioøkonomi | 13,7 |
Norsk institutt for vannforskning (NIVA) | 13,5 |
Meldinger ved utskriftstidspunkt 6. desember 2024, kl. 18.36 CET