Norsk biovitskapleg forsking er god

Ein internasjonal komité har vurdert kvaliteten på norsk biovitskapleg forsking. Komiteen konkluderer med at kvaliteten på forskinga er god, men at det er behov for å utvikle ein nasjonal strategi, få til meir bruk av forskingsinfrastruktur og meir internasjonalt samarbeid.

Ein internasjonal komité har vurdert kvaliteten på norsk biovitskapleg forsking. Fleire av dei administrative einingane som er evaluerte, bidreg til utvikling og regulering av store næringar som villfiske og akvakultur. (Foto: Shutterstock)

14. mars leverte evalueringskomiteen for fagevaluering av biovitskap rapporten sin til Forskingsrådet. 

–  Desse rapportane er viktige for norsk biovitskaplege forsking og blir også eit godt kunnskapsgrunnlag for arbeidet vårt. Evalueringsrapportane gir heilt nødvending innsikt til bruk både i utvikling av verkemidla våre og i rådgivinga vår til departementa, seier Benedicte Løseth, områdedirektør i Forskingsrådet med ansvar for forskingssystemet og internasjonalisering. 

Komiteen gir åtte tilrådingar

Komiteen gir åtte tilrådingar for norsk biovitskapleg forsking som går ut på å 

  • sørgje for at alle administrative einingar har ein strategi og dessutan sjå på behovet for å koordinere strategiane på nasjonalt nivå. Ein nasjonal strategi for biovitskap forsking kan bidra til dette
  • etablere heilskaplege og tydelege strategiar som kan gi retning, få meir søklelys på og auke kritisk masse for å oppnå høg vitskapleg kvalitet på biovitskapleg forsking i UH- og instituttsektoren  
  • utvikle insentiv slik at basisfinansiering fører til meir deltaking på den internasjonale konkurransearenaen 
  • utvikle insentiv og program som skal fremje samarbeid, nasjonalt og internasjonalt 
  • vidareføre støtte til, og optimalisere bruk av, nasjonal forskingsinfrastruktur 
  • utvikle insentiv og program for å auke bruken av vitskaplege resultat og bidra til større økonomiske og samfunnsmessige effektar av forskinga 
  • etablere tiltak for tydelegare karrierevegar for å få unge forskarar til å reisa utanlands og planar for å auka internasjonal rekruttering 
  • skipe eit vitskaplege råd (Scientific Advisory Boards) for administrative einingar som kan gjere eksterne gjennomgangar, gi råd og vere med å utvikle strategiar 

Tilrådingane er retta både til kvar enkelt administrative eining og til institusjonane, til Forskingsrådet og til departementa. Forskingsrådet vil i tillegg vurdere dei nasjonale tilrådingane i dialog med miljøa som er evaluerte. 

–  Desse rapportane er viktige for norsk biovitskaplege forsking og blir også eit godt kunnskapsgrunnlag for arbeidet vårt, seier Benedicte Løseth, områdedirektør i Forskingsrådet med ansvar for forskingssystemet og internasjonalisering. (Foto: Thomas Keilman)

Viktig for endringar i samfunnet 

Den nasjonale komiteen påpeikar at norsk biovitskapleg forsking er viktig for utvikling av det norske samfunnet og vil bli endå viktigare for berekraftig nærings- og samfunnsutvikling framover.   

Fleire av dei administrative einingane som er evaluerte, bidreg til utvikling og regulering av store næringar som villfiske og akvakultur. Andre administrative einingar er viktig for norsk nærvær i internasjonale forhandlingar og bidreg med viktig dokumentasjon og kunnskapsgrunnlag som blir brukt av styresmaktene. Komiteen påpeikar likevel at det er eit potensiale for å utnytte den samla kompetansen i Noreg betre gjennom å styrkje samarbeidet mellom universitets- og høgskolesektoren og instituttsektoren.   

Komiteen etterlyser også eit tydelegare søkelys i forskingsmiljøa på klimakrisa og den biologiske mangfaldskrisa, som begge vil ha store konsekvensar for Noreg.   

Om fagevalueringar 

Forskingsrådet har sidan slutten av 1990-talet gjennomført fagevalueringar av norsk forsking. Den førre evalueringa av biologi, medisin og helsefag vart gjennomført i 2010–2011.  

Hovudmålet med denne fagevalueringa er å vurdere kvaliteten på forskinga, rammevilkåra og relevansen på forskinga for sentrale samfunnsområde. Evalueringa er utført av internasjonale ekspertar på tre nivå: evaluering av forskargrupper, evaluering av administrative einingar og ei evaluering av biovitskapleg forsking på nasjonalt nivå. På det nasjonale nivået er komiteen invitert til å gi tilrådingar til forskingsorganisasjonane, Forskingsrådet og departementa.  

Evalueringa av norsk biovitskapleg forsking, som vart lansert 14. mars, omfattar forsking på fiskeri og akvakultur, økologisk forsking med søkelys på forståing og overvaking av natur og biologisk mangfald. Det inkluderer også forsking på konsekvensane av menneskelege aktivitetars effektar på klimaendringar, bioteknologisk forsking i matproduksjon og andre formål.  

22 administrative einingar ved 13 institusjonar har delteke i evalueringa. Desse har til saman meldt inn 97 forskargrupper som er evaluerte av fem internasjonale ekspertpanel. Fleire av forskargruppene er vurderte som svært gode, medan nokre få forskargrupper vurderast som svake i eit internasjonalt perspektiv.  

Evalueringsrapportane for administrative einingar blir publiserte i april.  

Meldinger ved utskriftstidspunkt 19. mai 2024, kl. 01:24 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.