Noreg på europatoppen i forskingspengar frå EU

Norske forskings- og innovasjonsmiljø held fram med å hente heim store summar frå EU sitt forskings- og innovasjonsprogram, Horisont Europa. Det siste året har norske aktørar konkurrert seg til nær 6 milliardar kroner. Dette er godt over målet regjeringa har satt seg.

– Norske forskarar markerer seg i europatoppen. Konkurransen er hard og då er det ekstra gledeleg å sjå at Noreg lukkast så godt i verdas største forskings- og innovasjonsprogram. Det vitnar om høg kvalitet på forskinga, og eg er utruleg stolt over innsatsen frå dei norske miljøa, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel. 

Meir enn ti milliardar kroner til no

Horisont Europa har eit budsjett på rundt éin billion norske kroner i perioden 2021–2027. Ambisjonen er at norske deltakarar skal hente heim 2,8 prosent av pengane som vert lyste ut. Dei siste resultata ligg på 3,23 prosent.

Hittil har norske miljø konkurrert seg til rundt 10,6 milliardar kroner frå Horisont Europa. I tillegg tek norske aktørar i aukande grad på seg leiarrolla i prosjekta. 

Forskingsinstitutta på topp

Institutta held fram suksessen. Institutta er flinke til å ta med seg andre aktørar i søknadane, spesielt næringslivet. Dette har mykje å seie for suksessen som Noreg har oppnådd så langt. SINTEF åleine har henta heim nær 1,5 milliardar kroner dei siste åra. 

– Det er utruleg imponerande at Noreg er mellom dei ti landa som konkurrerer seg til mest pengar i Horisont Europa. Dette syner at vi er ein ettertrakta partnar innanfor europeisk forskings- og innovasjonssamarbeid. Finansieringa bidreg til å styrke den nasjonale kompetansen vår og aukar konkurransekrafta, seier næringsminister Jan Christian Vestre.

Universiteta og høgskulane gjer det òg stadig betre. I tillegg til svært god utteljing innanfor globale utfordringar og konkurransedyktig næringsliv, har den norske returdelen aldri vore høgare innan framifrå forsking, med rekordhøge returdelar både i Det europeiske forskingsrådet (ERC) og for mobilitetsverkemiddel under Marie Skłodowska-Curie Actions (MSCA). 

Internasjonalt samarbeid er ein føresetnad for å oppnå måla Noreg har sett for forsking og innovasjon. Sidan 1994 har Noreg delteke fullt ut i det europeiske forskings- og innovasjonssamarbeidet, på grunnlag av EØS-avtalen. Den tette tilknytinga gir oss høve til å medverke til utviklinga av europeisk politikk, på område som er viktige for Noreg og for norske forskarar og kunnskapsaktørar.

– Den høge returdelen viser at Noreg har mange svært sterke forskings- og innovasjonsmiljø. For at me skal lykkast med heilt nødvendig kunnskapsberedskap i Noreg, og grøn og digitale omstilling er det viktig at me samarbeider med dei beste miljøa internasjonalt. Dette oppnår me gjennom Horisont Europa, seier Mari Sundli Tveit, administrerande direktør i Forskningsrådet. 

Figuren viser finansiering til Norge fordelt på de 10 organisasjonene som fikk mest finansiering via HEU i perioden 2021 til 2023. Konsernet SINTEF fikk mest med ca 135 millioner euro. CEPI ligger på andre plass med 115 millioner euro, deretter kommer NTNU og UiO med rundt 85 millioner hver. UiB, Forskningsrådet, UiT, NORCE, OUS og FHI har alle hentet hjem mellom 15 og 35 millioner euro i samme periode. Aggregerte tall 01.01.2021 – 14.12.2023. Datakilde: eCorda (Europakommisjonen)
Finansiering til Noreg fordelt på dei 10 organisasjonane som fekk mest finansiering via Horisont Europa i perioden 2021 til 2023. Konsernet SINTEF fekk mest med ca 135 millionar euro. CEPI ligg på andre plass med 115 millionar euro, deretter kjem NTNU og UiO med rundt 85 millionar kvar. UiB, Forskingsrådet, UiT, NORCE, OUS og FHI har alle henta heim mellom 15 og 35 millionar euro i same periode. Datakjelde: eCorda (Europakommisjonen)
Figuren viser finansiering per land frå 2021 til 2023, topp ti land. Tyskland leier an med over 5000 millionar euro. Frankrike på andre plass og Spania på tredje med begge rundt 3500 millionar euro, deretter Nederland, Italia og Belgia, som alle ligg mellom 2000 og 3000 millionar euro. Deretter Hellas, Sverige, Austerrike og til slutt Noreg, dei fire landa ligg alle rundt 1000 millionar euro. Dette er aggregerte tal og datakjelda er eCorda frå Europakommisjonen.  Datakjelde: eCorda (Europakommisjonen)
Figuren viser finansiering per land frå 2021 til 2023, topp ti land. Tyskland leier an med over 5000 millionar euro. Frankrike på andre plass og Spania på tredje med begge rundt 3500 millionar euro, deretter Nederland, Italia og Belgia, som alle ligg mellom 2000 og 3000 millionar euro. Deretter Hellas, Sverige, Austerrike og til slutt Noreg, dei fire landa ligg alle rundt 1000 millionar euro. Dette er aggregerte tal og datakjelda er eCorda frå Europakommisjonen. Datakjelde: eCorda (Europakommisjonen)

Meldinger ved utskriftstidspunkt 5. mai 2024, kl. 00:53 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.