1 milliard kroner blir lyst ut i 2024 til innovasjonsprosjekt i bedrifter og til pilotering av ny teknologi
Fullstendig utlysing kjem i starten av juni. Bedrifter kan søkje frå august.
Innovasjonsprosjekt i næringslivet (IP-N) er ei støtteordning for bedrifter som skal gjennomføre innovasjonsprosjekt med høg grad av forskings- og utviklingsinnhald. Prosjekta skal bidra til verdiskaping gjennom utvikling av nye produkt, prosessar eller tenester i breidda av norsk næringsliv.
Også pilotering og demonstrasjonsprosjekt
Frå 2024 vil utlysing av midlar til Demonstrasjonsprosjekt i næringslivet vere del av utlysinga Innovasjonsprosjekt i næringslivet. Dette gjeld spesielt for prosjekt innanfor petroleum.
Treng meir forsking i næringslivet
Regjeringa har nettopp lansert ein strategi for at forsking og utvikling i næringslivet skal utgjere to prosent av BNP innan 2030.
– Forsking og utvikling er avgjerande for å styrkje norsk konkurranseevne. Innovasjonsprosjekt i næringslivet bidreg til verdiskaping gjennom utvikling av nye produkt, prosessar eller tenester i breidda av norsk næringsliv, seier administrerande direktør i Forskingsrådet Mari Sundli Tveit.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 3. oktober 2024, kl. 18.49 CEST