Spør KI-samtaleroboten vår

1 milliard kroner blir lyst ut i 2024 til innovasjonsprosjekt i bedrifter og til pilotering av ny teknologi

Fullstendig utlysing kjem i starten av juni. Bedrifter kan søkje frå august.

Innovasjonsprosjekt i næringslivet (IP-N) er ei støtteordning for bedrifter som skal gjennomføre innovasjonsprosjekt med høg grad av forskings- og utviklingsinnhald. Prosjekta skal bidra til verdiskaping gjennom utvikling av nye produkt, prosessar eller tenester i breidda av norsk næringsliv. 

Også pilotering og demonstrasjonsprosjekt 

Frå 2024 vil utlysing av midlar til Demonstrasjonsprosjekt i næringslivet vere del av utlysinga Innovasjonsprosjekt i næringslivet. Dette gjeld spesielt for prosjekt innanfor petroleum.  

Treng meir forsking i næringslivet 

Regjeringa har nettopp lansert ein strategi for at forsking og utvikling  i næringslivet skal utgjere to prosent av BNP innan 2030. 

–  Forsking og utvikling er avgjerande for å styrkje norsk konkurranseevne. Innovasjonsprosjekt i næringslivet bidreg til verdiskaping gjennom utvikling av nye produkt, prosessar eller tenester i breidda av norsk næringsliv, seier administrerande direktør i Forskingsrådet Mari Sundli Tveit. 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 21. mai 2026, kl. 19.47 CEST

Stor pågang

I forbindelse med søknadsfristen 27. mai og overgangen til nytt søknadssystem, får mange vi nå mange henvendelser. Derfor kan det ta lenger tid enn vanlig før du får svar. Vi svarer deg så raskt vi kan.

Viktig varsel

Til utlysingane med søknadsfrist 27. mai kl. 13.00 betener vi vakttelefonen +47 22 03 70 00 torsdag 21. mai, fredag 22. mai og tysdag 26. mai kl. 08.00–15.00 og onsdag 27. mai kl. 08.00–13.00.