Forskingsrådets formidlingspris 2024 – no kan du nominere kandidatar

Kjenner du ein forskar som har utmerkt seg med god, nyskapande og levande kommunikasjon frå eige fagfelt? Vi vil gjerne ha kandidatar til Forskingsrådets formidlingspris. Frist for å sende inn forslag er 2. juli.

I 2023 vann Inga Strümke prisen for formidlingsarbeidet sitt om kunstig intelligens. (Foto: Mona Hauglid)

Openheit og god kommunikasjon frå forsking er viktig for at forskinga skal ha respekt og tillit i befolkninga, men også for at forsking skal takast i bruk. Då er gode formidlarar viktige. Vi trur at forskarane og forskinga både viser og styrkjer posisjonen sin i samfunnsdebatten best mogleg mellom anna gjennom målretta og tydeleg formidlingsarbeid. No kan du nominere ein framifrå formidlingskollega til Forskingsrådets formidlingspris for 2024.   

Send inn forslag  

Prisen skal gå til ein forskar som har utmerkt seg med levande og nyskapande kommunikasjon av høg kvalitet frå eige fagfelt. Alle typar formidling i alle typar medium – både langvarig innsats og enkeltståande tiltak – kan premierast. Formidlinga skal vere publikumsretta.   

I 2023 vann Inga Strümke prisen for formidlingsarbeidet sitt om kunstig intelligens.  

Prisen er på 500 000 kroner. Meld inn kandidaten din i dette skjemaet innan 2. juli 2024.

Juryen for formidlingsprisen består av:   

  • Anine Kierulf (førsteamanuensis ved Institutt for offentleg rett, Universitetet i Oslo)  
  • Alexandra Beverfjord (sjefredaktør, Dagbladet)   
  • Asle Haukaas (kommunikasjonsdirektør, Veterinærinstituttet)   
  • Christian Lund (spesialrådgivar, Forskingsrådet) 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 15. juni 2024, kl. 00.58 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.