No blir det opna for å søkje FRIPRO

18. oktober blir det opna for å søkje FRIPRO, og frå no av vil det vere løpande søknadsmottak og søknadsbehandling.

– FRIPRO banebrytande forsking er ordninga Forskingsrådet har for å fremje fri, dristig og nyskapande forsking og vitskapleg kvalitet i den internasjonale forskingsfronten, seier områdedirektør for forskingssystemet og internasjonalisering Benedicte Løseth.

– FRIPRO finansierer prosjekt med den høgaste vitskaplege kvaliteten. Konkurransen om tildelingar frå FRIPRO har vore svært hard i mange år, noko som har resultert i låg innvilging, seier Løseth.  

Forskingsrådet har dei siste åra gjort ei rekkje store endringar i korleis vi jobbar med søknadsmottak og fagfellevurderingar av søknader, etter innspel og dialog med forskingsmiljøa.

– Det vil bli tildelingar av FRIPRO-prosjekt annankvar månad, seier Løseth. Kva tildeling ein konkret søknad vil bli vurdert i, avheng av fleire faktorar, som til dømes kva andre søknader med liknande fagområde som er sendt inn, og når fagfellane har høve til å vurdere søknaden. Frå starten av blir det lagt opp til at søknadene blir vurderte 4 til 8 månader etter innsending. Når vi no innfører løpande søknadsfrist er det viktig at sjansane for tilslag ikkje blir prega av når søknaden er sendt inn. Tilgjengeleg beløp vil derfor vere jamt fordelt over året, og på den måten vil det vere tilgjengelege midlar uavhengig av når du søkjer, seier Løseth.   

Det blir også innført karantene, på same måte som det er i ERC.  

– Det at ein får karantene betyr ikkje at søknaden er dårleg. Vi får i dag svært mange søknader til FRIPRO som held svært høg kvalitet, men som ikkje når opp i konkurransen, seier Løseth.  

Her er endringane som no blir innførte: 

Løpande søknadsmottak og søknadsbehandling 

Frå og med FRIPRO-utlysingane som blir publiserte til hausten, vil du kunne sende inn søknaden din når som helst. Når søknaden er sendt, vil du som prosjektleiar få ein karenstid på 12 månader før du kan sende neste søknad. Tildeling av midlar blir fordelt utover året. Fagfellevurdering blir som før. 

Karantene 

Frå og med utlysinga av Forskarprosjekt for unge talent med frist 15. mars innfører vi 0 til 2 års karantene basert på snittkarakteren søknaden får i fagfellevurderinga. Eventuell karantene vil komme i tillegg til karenstida. Slik vil karantenen slå ut for dei ulike utlysingane:

Utlysing  To års karantene  Eitt års karantene  Ingen karantene 
Forskarprosjekt for erfarne forskarar  3 eller lågare  Høgare enn 3, 
til og med 5,5 
Høgare enn 5,5 
Forskarprosjekt for tidleg karriere  Ingen  4,5 eller lågare  Høgare enn 4,5 
Treårig Forskarprosjekt med internasjonal mobilitet  Ingen  Ingen  Alle 

Karenstida gjeld frå den datoen du sender inn søknaden. Karantenen gjeld frå datoen karenstida går ut. Ved eitt års karantene, kan du altså vere prosjektleiar for ein ny FRIPRO-søknad tidlegast to år etter at du sendte inn søknaden som utløyste karantenen.  

Andre tiltak

I tillegg til løpande søknadsfrist og karantene, innfører vi fire andre tiltak for å redusere søknadsmengda og auke innvilgingsprosenten.

  1.  Du kan ikkje vere prosjektleiar for meir enn eitt FRIPRO-prosjekt av gongen, men du kan søkje om eit nytt prosjekt i god tid før det pågåande prosjektet ditt er ferdig. 
  2. Det blir krav om seks års erfaring etter doktorgrad eller tilsvarande for Forskarprosjekt for erfarne forskarar, slik at denne utlysinga blir reservert for erfarne forskarar. Forskarar tidleg i karrieren kan søkje Forskarprosjekt for tidleg karriere eller Treårig Forskarprosjekt med internasjonal mobilitet. 
  3. Om det er formålstenleg for prosjektet du planlegg, kan du søkje om eit prosjekt med lengre varigheit enn du har hatt høve til tidlegare.
  4. Forskingsrådet vil etablere faste ekspertpoolar for raskare og meir effektivt kunne setje saman eigna kompetanse til vurdering av søknadene som kjem inn.  

Meldinger ved utskriftstidspunkt 18. mai 2024, kl. 07:51 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.