Innspel om inkludering av fleire barn og unge

Arbeidet med å utvikle det målretta samfunnsoppdraget for auka inkludering av barn og unge er i gang. No ber vi om faglege innspel frå relevante miljø – anten det er organisasjonar, institusjonar eller privatpersonar.

Samfunnsoppdraget er framleis i utformingsfasen. Ei operativ gruppe, samansett av representantar for ei rekkje etatar og organisasjonar, koordinerer dette arbeidet på vegner av Regjeringa. Forskingsrådet held sekretariatet i utformingsfasen. 

– For å komme vidare i prosessen inviterer vi no til å komme med faglege innspel. Vi veit det er stort engasjement for feltet og mange gode idear til korleis samfunnsoppdraget bør taklast, seier Gunnlaug Daugstad, som leier den operative gruppa på vegner av Forskingsrådet. Ho presiserer at ein på dette stadiet treng synspunkt på kva vi om ti år som samfunn bør ha fått til for å få barn og unge ut av utanforskap.  

– Denne første digitale innspelsrunden vil gå føre seg fram til 9. oktober. Så vil det bli fleire høve til å delta. Vi inviterer til ein stor konferanse i Oslo 2. november, og deretter vil vi i november arrangere innspelsmøte. Først neste år vil sjølve oppdraget starte opp, etter at den operative gruppa har levert sine tilrådingar til regjeringa, seier Daugstad. 

Innspela blir innhenta gjennom det digitale høyringsverktøyet til Forskingsrådet.   

Meldinger ved utskriftstidspunkt 10. mai 2024, kl. 12:57 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.