Forskingsrådet og Europakommisjonen stiller krav om handlingsplanar for likestilling frå 2022

Forskingsrådet følgjer EUs Horisont Europa og innfører krav om handlingsplanar for likestilling for søkjarar frå forskingsorganisasjonar og offentleg sektor. Krava gjeld utlysingar med søknadsfrist i 2022 og seinare. Kravet gjeld ikkje for privat næringsliv, interesseorganisasjonar eller frivillig sektor.

Vi skal vere i front for å fremje kjønnsbalanse og kjønnsperspektiv i forsking og innovasjon, seier Mari Sundli Tveit. Foto: Thomas Keilman

Frå og med 2022 må alle søkjarar og samarbeidspartnarar frå forskingsorganisasjonar og offentleg sektor ha ein handlingsplan for likestilling for å få finansiering frå Forskingsrådet og Horisont Europa. Handlingsplanen må vere på plass når ein skal skrive kontrakt og han må vere tilgjengeleg på nettsida til organisasjonen.

EU varsla i fjor at dei ville innføre slike krav. No har vi vedtatt å innføre dei same krava i utlysingane våre.

– Forskingsrådet skal vere i front for å fremje kjønnsbalanse og kjønnsperspektiv i forsking og innovasjon, både nasjonalt og internasjonalt. Slik skal vi bidra til likestilling og kjønnsbalanse i samfunnet og vi skal ta vare på dei beste forskartalenta. Samtidig vil vi at alle som søkjer midlar frå Forskingsrådet også skal kunne søkje midlar frå Horisont Europa, så det er logisk at vi stiller dei same krava, seier administrerande direktør i Forskingsrådet, Mari Sundli Tveit.

Likestilling er ein grunnleggjande verdi for både Noreg og Europa, og betre kjønnsbalanse og kjønnsperspektiv innanfor forsking og innovasjon, kan auke både kvaliteten og relevansen på kunnskapsutviklinga.

– Vi ser at det er behov for strukturelle tiltak på tvers av forskings- og innovasjonssystemet for å betre likestillinga og mangfaldet i samfunnet. Vi forventar at alle universitet, høgskolar, forskingsinstitutt og andre offentlege institusjonar får på plass handlingsplanar som viser at dei jobbar for betre likestilling og kjønnsbalanse, seier Sundli Tveit.

Følgjer opp likestillings- og diskrimineringsloven

Sundli Tveit viser til likestillings- og diskrimineringsloven som slår fast at alle offentlege verksemder skal jobbe systematisk for å fremje likestilling og hindre diskriminering i verksemda.

– I praksis følgjer vi no opp denne lova ved å komme med konkrete krav til institusjonar som mottar forskingsmidlar frå oss. Dei aller fleste forskingsorganisasjonane har allereie slike planar på plass. Det er også ei tydeleg melding til dei som ikkje har komme like langt om at tida no er inne for å prioritere dette.

I første omgang gjeld ikkje kravet om handlingsplanar for privat næringsliv, interesseorganisasjonar eller frivillig sektor.

– Tiltak for betre likestilling og kjønnsbalanse må følgjast opp over heile forskings- og innovasjonssystemet. Vi kjem til å vurdere behovet for å utvide kravet til alle aktørar som får finansiering gjennom ordningane våre, avsluttar Sundli Tveit.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 26. april 2024, kl. 10:36 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.