Spør KI-samtaleroboten vår
Kombinasjon av to bilder. Det ene viser fire personer i møte, en person leder diskusjonen. Det andre er et EU-flagg med gule stjerner på blå bakgrunn.
Webinar

B.11 Prosjektutvikling 1 (webinar)

Passer for:

Prosjektledere og EU- eller forskningsrådgivere som utvikler Horisont Europa-søknader. Nivå 1 (nybegynner).

Pris:

Kurset er gratis

Om arrangementet

Dette kurset bygger på erfaringane til kurshaldarane med EU-prosjekt. Dei vil dele eigne opplevingar og vise korleis Horisont Europa, EUs program for forsking og innovasjon, er bygd opp og kva som er bakgrunnen for programmet. 

Du får oversikt over utlysingane for 2026–2027. Vi forklarer korleis du kan skrive søknad, posisjonere organisasjonen din for deltaking, og byggje gode konsortium (samanslutning av fleire partnarar som deltar i eit prosjekt). 

Kurset gir deg eit innblikk i alle dei ulike delane av Horisont Europa, i tillegg til tilknytte program. Hovudfokuset er på dei store samarbeids- og innovasjonsprosjekta under søyle 2 (søyle 2 omfattar store forskingssamarbeid mellom fleire partnarar). 

Undervisninga skjer på norsk, men alt kursmateriell er på engelsk. Kurset er digitalt, og blir ikkje tatt opp. Du får tigong til presentasjonane etter kurset.   

Kurset blir køyrt i fem bolkar à 1,5 timar i same veke: måndag – fredag kl. 09.00 -10.30

Det er lagt opp i fem delar:  

  1. Policy og introduksjon til HE
  2. EU Missions (samfunnsoppdrag) og partnarskap
  3. Prosjekttypar under Horisont Europa, andre programmet Noreg kan delta i, og korleis byggje nettverk og konsortium
  4. Korleis skrive søknad til Horisont Europa? Ein erfaringsbasert gjennomgang av alle delar v søknaden
  5. Suksesshistorier og mageplask

Foredragsholdere

Lene Lad Johansen

Senior forretningsutviklerSINTEF Digital

Bilde som viser Line Breivik Thompson

Line Breivik Thompson

Seniorrådgiver EUSINTEF Digital

Kontakt

Inger Nordgard

  • Internasjonalt samarbeid

Meldinger ved utskriftstidspunkt 13. september 2025, kl. 06.23 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.