Forskingsetiske krav

Vi stiller krav til høg forskingsetisk standard i dei prosjekta vi finansierer. Ansvaret for at lovverk og etiske retningslinjer blir følgt, ligg hos verksemda som er ansvarleg for prosjektet.

Alle som søkjer Forskingsrådet må gjere greie for eventuelle etiske problemstillingar i prosjektet og beskrive korleis desse vil bli handterte. Dette vil inngå i søknadsvurderinga.

Forskingsetiske retningslinjer

Du finn oversikt over både generelle og fagspesifikke forskingsetiske retningslinjer hos Dei nasjonale forskingsetiske komiteane.

Retningslinjene omhandlar

  • god forskingsskikk og relasjonen forskarar imellom
  • forholdet mellom forskarar og andre menneske
  • samfunnsansvaret til forskaren

Du kan kontakte Dei nasjonale forskingsetiske komiteane dersom du ønskjer råd om etiske problemstillingar i eit forskingsprosjekt.

Forskingsfusk

Viss du vil varsle om snusk i forsking, skal dette i første omgang varslast til den enkelte aktuelle institusjonen. Det er ulik praksis ved dei ulike institusjonane om korleis varsling skal gå føre seg.

Viss du lurer på noko om varsling av snusk kan du kontakte Nasjonalt utvalg for gransking av uredelighet i forskning.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 19. april 2024, kl. 16:36 CEST

Viktig informasjon

Til utlysingane med søknadsfrist 24. april betener vi vakttelefonen +47 22 03 72 00 måndag 22. april og tysdag 23. april kl. 08.00–15.45 og onsdag 24. april kl. 08.00–13.00.