Spør KI-samtaleroboten vår
EU flagg med hvit dubinsstrek over
Webinar

Søkjarwebinar for utlysingane Kvalifisering, Verifisering og EIC Transition 2026

Passer for:

Universitet, høgskular, forskingsinstitutt og helseføretak

Digitalt:

Arrangementet strømmes

Om arrangementet

Formålet med Kvalifisering og Verifisering, og EIC Transition i Horisont Europa, er auka kommersiell og samfunnsmessig utnytting av forsking. I dette webinaret får du ein gjennomgang av dei tre utlysingane og tips til korleis skrive ein god søknad, og vi svarar på spørsmål.

Viorel Peca, Head of Unit of EIC Transition, European Innovation Council & SMEs Executive Agency (EISMA), orienterer om EIC Transition. Søknadsfrist for EIC Transition 2026 er 16. september 2026. Budsjettet i 2026 er 100 millionar euro, med inntil 2,5 millionar euro per prosjekt. Les gjerne meir her: EIC Transition - European Innovation Council - European Commission

Utlysing av Kvalifisering og Verifisering er venta å opne i løpet av februar. Godkjente forskingsorganisasjonar, TTO-ar (Technology Transfer Offices) og oppstartsselskap med utspring frå godkjente forskingsorganisasjonar kan søke. Les gjerne meir om kommersialiseringsprosjekt her: Kommersialiseringsprosjekt

Send gjerne inn spørsmål om Kvalifisering og Verifisering på førehand til Thea Olstad, thol@forskningsradet.no, eller Waqar Ahmed, NCP, wah@forskningsradet.no for spørsmål om EIC Transition.

Arrangementet blir gjennomført på engelsk.

Kontakt

Lurer du på noe?
Send oss en henvendelse

Meldinger ved utskriftstidspunkt 5. februar 2026, kl. 02.23 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.
{ }