
Søkjarwebinar CETP-utlysing 2026 - Finansieringsmoglegheiter for norske forskingsmiljø og næringslivet
- Digitalt:
Arrangementet strømmes
Om arrangementet
Dette arrangementet gir deg informasjon om den internasjonale utlysinga Clean Energy Transition Partnership (CETP) Joint Call 2026.
Utlysinga skal stimulere til samarbeid mellom fleire land om forsking og nyskaping for å bidra til at Europa får eit klimavenleg energisystem. Målet er at Europa skal vere klimanøytralt innan 2050.
CETP samlar midlar frå både nasjonale og regionale kjelder, samt frå EU-kommisjonen, for å støtte prosjekt som bidreg til energiomstillinga.
Du finn meir informasjon om utlysinga på nettsidene til CETP
Utlysinga har to steg. Først må du sende ein kort søknad innan 8. oktober 2026. Dei som går vidare, blir inviterte til å sende inn ein fullstendig søknad med frist i mars 2026.
Utlysinga har ti temaområde (modular). Du må rette søknaden mot éin av modulane. Forskingsrådet gir pengar til nokre, men ikkje alle modulane. Norske søkjarar kan søkje støtte til desse modulane:
Sjå utlysinga på heimesidene til Forskingsrådet
- Call Module 01: Integrated energy system resilience in a changing environment
- Call Module 03a: Advanced renewable energy (REI) technologies for power production (ROA)
- Call Module 04: Carbon kapsture, utilisation and storage (CCUS)
- Call Module 05: Hydrogen and renewable fuels
- Call Module 06: Stationary battery technologies and systems for climate-neutral industry and built environment
- Call Module 07: Heating and cooling technologies
- Call Module 09: Integrated industrial energy systems
Meldinger ved utskriftstidspunkt 9. juni 2026, kl. 14.22 CEST
Viktig informasjon
Til utlysningene med søknadsfrist 10. juni kl. 13.00 betjener vi vakttelefonen +47 22 03 72 00 mandag 1. juni til fredag 5. juni kl. 08.00–15.00, mandag 8. juni og tirsdag 9. juni kl. 08.00-15 og onsdag 10. juni kl. 08.00–13.00.