Illustrasjon av en soldat og en forsker som ser på et kart av Norge.
Innspillsmøte

Innspelsmøte om ny porteføljeplan for Portefølje for forsvarsevne, tryggleik og beredskap

Passer for:

Forskingssektoren, offentleg sektor, sivilsamfunn og næringsliv

Digitalt:

Arrangementet strømmes

Om arrangementet

Det går no føre seg arbeid med ein ny porteføljeplan for Portefølje for forsvarsevne, tryggleik og beredskap. Forskingsrådet inviterer til eit digitalt innspelsmøte for denne planen.

Porteføljeplanane er styringsdokument som skal bidra til føreseielegheit for både søkjarar og finansierande departement. Dei er korte og overordna, og blir konkretiserte i ein investeringsplan som blir oppdatert årleg. Prioriteringar og tiltak viser korleis porteføljestyret vil prioritere innanfor handlingsrommet sitt.

Deltakarane vil få høve til å gi munnlege innspel til planane i møtet. Sjå utkast til plan.

Det vil gjerast transkribering av møtet.

Du kan lese meir på nettsidene våre om porteføljane og Portefølje for forsvarsevne, tryggleik og beredskap.

Vel møtt!

Kontakt

Lurer du på noe?
Kontakt

Meldinger ved utskriftstidspunkt 10. november 2026, kl. 08.14 CET

Vakttelefon til søknadsfrist

Vakttelefonen +47 22 03 70 00 er open måndag 9. og tysdag 10. november kl. 08.00–15.45, og onsdag 11. november kl. 08.00–13.00.