Spør KI-samtaleroboten vår
Fiskebåt kombinert med bilde av fisk i havet
Debattmøte

Hav og sjømat - dei gløymde pilarane i beredskapsplanen

Hvor:

Ombord på Statsraad Lehmkuhl, Bradbenken 2, Bergen

Passer for:

Alle som er opptekne av mat, hav og beredskap - forskarar, næringsaktørar, politikarar

Pris:

Gratis og ope for alle

Om arrangementet

Havet er ei av dei viktigaste matkjeldene i verda, men gløymt i meldinga om totalberedskapsåret!
Havet er sårbart for klimaendringar, økosystempress og auka utnytting. Havforskingstiåret løftar behovet for kunnskap, innovasjon og berekraftige løysingar som kan sikre at havet framleis kan forsyne verda med trygg, stabil og næringsrik mat. Sunne hav er ikkje berre eit miljømål, det er ein føresetnad for global matberedskap. Utan robuste marine økosystem, moderne havforvaltning og forsking vil framtidas matsystem stå svakare i møte med klima, konfliktar og globale kriser.

Bli med når Nasjonalkomiteen for havforskingstiåret diskuterer vi kva som må til for at fiskeri, havforsking og sunne økosystem får ein like naturleg plass i beredskapen som korn.

Program kjem.
Meld deg på og få oppdatert informasjon om programmet!
Gratis og ope for alle. Velkommen!

Bli også med på vårt andre arrangement under One Ocean Week: Eit hav av data - industri forsking og forvaltning og vegen vidare for eit godt forstått hav.
Frå 12.00 til 13.00, same stad om havdata og havobservasjon.

Arrangørar er Nasjonalkomiteen for havforskingstiåret, Noregs forskingsråd, Nofima, Universitetet i Agder og Havforskningsinstituttet

Meldinger ved utskriftstidspunkt 20. mars 2026, kl. 11.39 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.