gutt og jente som går på en strand kombinert med bilde av tang i havet
Seminar/møte

Kan alle hav i Noreg?

Passer for:

Alle som er opptekne av formidling av hav og havforståing

Om arrangementet

Korleis står det til med havforståinga i havlandet Noreg? Bli med når Nasjonalkomiteen for havforskingstiåret og Forskingsrådet inviterer til webinar om havforståing. Vi får resultat frå ei undersøking om havforståing i Noreg, gjennomført av Nordlandsforskning og døme på prosjekt som jobbar med å auke havforståing hos alle, frå barn og ungdom til besteforeldre og avgjerdstakarar.

Program:

  • Velkommen Mette Mila, Forskingsrådets havsekretariat
  • Havforståing og havidentitet Nasjonalkomiteen for havforskingstiåret v/ Johanna B. Marcussen, UiA/HI og Ellen Krefting, UiO.
  • Kva nordmenn tenkjer og kjenner om havet – og kva det betyr for deltakande forsking og kommunikasjon Maiken Bjørkan og Liz Morris-Webb, Nordlandsforskning
  • Havplaneten Marte Torkildsen, kurator for Havplaneten, VilVite
  • Æ for ærfugl – korleis ein kortfilm kan fremje havforståing Siri Granum Carson, prosjektleiar og professor ved NTNU
  • Kor mykje kystnatur har vi mista dei siste 20 åra? Dag Hjermann, NIVA
  • Kollektivt løft for havforståing Nasjonalkomiteen for havforskingstiåret og Forskingsrådet

Havforståing er sentralt i FNs havforskingstiår. Her kan du lese meir om havforståing.
Sjå også utlysinga vår til prosjekt som skal fremje havforståing:
Kommunikasjon og formidling av klima-, miljø- og havforskning

Kontakt

Lurer du på noe?
Kontakt

Meldinger ved utskriftstidspunkt 10. november 2026, kl. 08.11 CET

Vakttelefon til søknadsfrist

Vakttelefonen +47 22 03 70 00 er open måndag 9. og tysdag 10. november kl. 08.00–15.45, og onsdag 11. november kl. 08.00–13.00.