Spør KI-samtaleroboten vår
Hav og fjell og blå himmel
Debattmøte

Eit hav av data – industri, forsking og forvaltning og vegen vidare for eit godt forstått hav

Hvor:

Ombord på Statsraad Lehmkuhl, Bradbenken 2, Bergen

Passer for:

Forskarar, forvaltarar og næringsaktørar som samlar data i dag og som er interesserte i å bruke og/eller tilgjengeleggjere innsamla data betre

Pris:

Gratis og ope for alle

Om arrangementet

Framtida til havøkonomien er meir uviss enn før, ikkje minst på grunn av klimaendringar. Vi må forstå og kjenne havet betre for å ta gode val. FNs havforskingstiår har klare mål om betre kartlegging og forståing av havet. Kva skjer i Noreg? Kva kan aktørane bidra med og korleis kan vi få det til? I dette arrangementet høyrer vi frå aktørane og tek samtalen om korleis vi kan komme nokre konkrete steg vidare!

Bli med når Nasjonalkomiteen for havforskingstiåret og Norsk forum for havdata inviterer til samtale om temaet der målet er å komme nokre konkrete steg vidare!

Arrangementet er gratis og ope for alle. Velkommen!
Meld deg på og bli oppdatert på programmet.

Bli også med på vårt andre arrangement under One Ocean Week: Hav og sjømat - dei gløymde pilarane i beredskapsplanen.
På same stad frå kl. 13.10 til 14.00.

Arrangørar er Nasjonalkomiteen for havforskingstiåret, Norsk forum for havdata, Noregs forskingsråd og Havforskingsinstituttet

Meldinger ved utskriftstidspunkt 20. mars 2026, kl. 12.21 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.