
Tidlegfase-forum: Nyskaping og kommersialisering av forskingsresultat
- Hvor:
Auditoriet Moser, Forskingsrådet, Drammensveien 288, Oslo
- Passer for:
Universitet, høgskoler, forskningsinstitutt, helseføretak og teknologioverføringskontor
- Pris:
Gratis
- Påmeldingsfrist:
10. oktober kl. 12.00
Om arrangementet
Vi samlar aktørar som arbeider med nyskaping og kommersialisering av forskingsresultat for å diskutere og belyse viktige moment i dette arbeidet.
Tidleg innsats er avgjerande for å omsetje forsking til innovasjon som skaper samfunnsnytte og økonomisk verdi. Fleire forskingsorganisasjonar vil dele erfaringar med TTO-funksjon (Technology Transfer-funksjon med mål om å kommersialisere forskingsresultat). Vi får og innspel frå verkemiddelaktørar.
Diskusjonen vil mellom anna belyse:
Korleis kan vi styrkje tidlegfasearbeidet, kva fungerer godt i dag, og kvar kan vi bli betre? Kva tiltak må til for å auke takten framover?
Arrangementet er fysisk, men med moglegheit for å kunne delta digitalt.
Program
09.30–10.00 Registrering og kaffi
Møteleiar: Eirik Fosse, avdelingsdirektør avdeling Nyskaping og regional utvikling, Forskingsrådet
10.00–10.35 Overordna blikk
- Velkommen og det store biletet. Korleis få meir nyskaping og kommersialisering frå offentleg finansiert forsking? Ved Anne Kjersti Fahlvik, områdedirektør Innovasjon i næringsliv og offentleg sektor, Forskingsrådet.
- Kommersialisering av forsking – politikken på feltet. Ved Mette Hjermann, utgreiingsleiar, Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) og Haakon Kobbenes, seniorrådgivar, Kunnskapsdepartementet (KD).
10.50–11.35 TTO-funksjon (tidlegfaseteknologi-funksjon)
- Erfaringar med TTO-funksjon – status, og kva blir viktig framover
- NORCE ved Steinar Jørgensen, dagleg leiar NORCE TTO.
- Universitetet i Tromsø (UiT) – Noregs arktiske universitet ved Inger Lin Uttakleiv Ræder, seniorrådgivar.
- Høgskolen i Østfold ved Tore Gimse, spesialrådgivar.
- Kort om planar for ny utlysing TTO-funksjon 2027–2028. Eirik Fosse, Forskingsrådet.
11.30–12.30 Lunsj
12.30–13.15 Prosjektdøme
- Løysingar for å tryggje barn og unge på nett. Ved Hege Tokerud, dagleg leiar og medgründer i Aiba AS, spin-off frå NTNU Gjøvik.
- Korleis kople banebrytande forsking med legemiddelutvikling og næringslivssamarbeid i eit globalt perspektiv. Ved Torleif Tollefsrud Gjølberg, forskingsdirektør og medgründer i Authera AS, spin-off frå UiO og OUS.
- Gjennom tidligfase-løypa: mRNA-vaksine for fisk, katalysatorer for grønn kjemi og digital samskaping i høgare utdanning. Katrine Utaaker Segadal, seksjonssjef, forskings- og innovasjonsavdelinga, UiB.
13.15–14.00 Kva kan ulike aktørar i verkemiddelapparatet bidra med?
- Strategiar for å identifisere og verne intellektuell eigedom. Kva vi kan hjelpe til med i Patentstyret. Ved Elisabeth Mæland Fosse, avdelingsdirektør marknad og kommunikasjon, Patentstyret.
- Investinor investerer i fond og direkte i selskap innan alle sektorar. Kva ser vi etter som investor? Ved Erik Wold, investeringsdirektør, Investinor.
- Horisont Europa – moglegheiter og utvikling framover. Ved Eva Langslet, fagleiar EU-program, Innovasjon Noreg og Inger Midtkandal, NCP koordinator, Forskingsrådet.
14.00–14.15 Pause
14.15–14.55 Panelsamtale
Korleis kan vi styrkje tidlegfasearbeidet, kva fungerer godt i dag, og kvar kan vi bli betre? Kva tiltak må til for å auke takten framover? Moderator: Anne Kjersti, Forskingsrådet.
- Eivind Andersen, leiar NTNU TTO
- Per Stålnacke, forskingsdirektør NIBIO
- Erik Wold, investeringsdirektør, Investinor
- Jan Terje Andersen, gründer og forskar, Universitetet i Oslo og Oslo universitetssjukehus
14.55–15.00 Avslutning
Meldinger ved utskriftstidspunkt 3. april 2026, kl. 18.58 CEST
Viktig varsel
Det er planlagt nedetid for SkatteFUNN fra fredag 27. mars kl. 12 til onsdag 8. april kl. 7. Det er ikke mulig å sende inn en søknad i løpet av nedetiden.