Digitalt innspelsmøte: Styrking av forsking på kvanteteknologi i Noreg
- Passer for:
Forskarar, Institusjons- og forskingsleiarar, Verksemder med aktivitet eller interesse innan feltet, Interessentar i næringsliv og offentleg sektor
- Digitalt:
Arrangementet strømmes
Om arrangementet
Ei ny satsing på 70 millionar kroner årleg har som mål å byggje opp solide, konkurransedyktige norske fagmiljø av høg internasjonal kvalitet innan kvantedatabehandling og simulering, kvantesensorar og målingar, og kvantekommunikasjon.
I statsbudsjettet foreslår regjeringa å styrkje forskinga på kvanteteknologi med 70 millionar kroner årleg frå 2025:
«Satsinga skal innrettast slik at det blir bygd opp solide nasjonale fagmiljø av høg internasjonal kvalitet, som vil kunne konkurrere og lykkast på andre arenaer. Tilskot til forskingsinfrastruktur kan inngå i ramma for satsinga.»
«Satsinga er venta å gi ei varig oppbygging av fagmiljø som forskar og underviser på dei tre hovudspora innan kvanteteknologi: kvantedatabehandling og simulering, kvantesensorar og målingar, og kvantekommunikasjon.»
Forskningsrådet har fått i oppdrag av Kunnskapsdepartementet å setje forskingssatsinga ut i livet. Som del av det førebuande arbeidet ønskjer vi innspel frå relevante aktørar i forskings- og innovasjonssystemet til utforminga av satsinga.
Program
BOTT-universiteta
v/forskingsdekan Bjørn Jamtveit, UiO
FFA
v/ konserndirektør Trond Runar Hagen, SINTEF Digital
NHO
v/Rebekka Borsch. Avdelingsdirektør for Kompetanse, Innovasjon og Digitalisering
Quantum Computing Norway
v/professor Are Magnus Bruaset, Simula
Quantum Network Norway
v/ professor Susanne Viefer, UiO
TBA
Open diskusjon
Oppsummering frå Forskingsrådet
Kontakt
Kontakt
Kontakt
Meldinger ved utskriftstidspunkt 8. desember 2024, kl. 09.24 CET