Spør KI-samtaleroboten vår
background
Kurs

Søknadslesedag for klyngje 6 i Horisont Europa

Hvor:

Forskingsrådet, Drammensveien 288, 0283 Oslo

Passer for:

Forskarar og EU-rådgivarar

Påmeldingsfrist:

13. nov. kl. 6.00

Om arrangementet

Forskingsrådet arrangerer søknadslesedag for forskarar og administrativt tilsette som er i gang med ein søknad til klyngje 6 – mat, bioøkonomi, naturressursar, landbruk og miljø i Horisont Europa.

På lesedagen får du høve til å sjå på søknader som har fått finansiering frå klyngje 6. Slik kan du lære korleis eit vellykka prosjekt kan strukturerast.

Det er avgrensa tal på plassar til dette arrangementet.

Dette er ein stille lesesesjon utan program, og inkluderer ikkje rettleiing om klyngje 6.

Har du spørsmål om søknaden din, kan du kontakta dei nasjonale kontaktpersonane for klyngje 6 (sjå kontaktinformasjon).

Vilkår for lesedagane

  • Berre førehandsregistrering
  • Du må signere teielovnad
  • Ikkje tillate å fotografere søknadene
  • Søknadene kan ikkje takast ut av rommet

Kontakt

Kristin Dawes

  • Mat og bioøkonomi

Meldinger ved utskriftstidspunkt 6. november 2025, kl. 11.14 CET

Viktig informasjon

Til utlysingane med søknadsfrist 12. november kl. 13.00 betener vi vakttelefonen +47 22 03 72 00 måndag 10. november og tysdag 11. november kl. 08.00–15.45 og onsdag 12. november kl. 08.00–13.00.