
Open kafé: Møt ein evaluator for Horisont Europa klyngje 3 - samfunnstryggleik
- Digitalt:
Arrangementet strømmes
Om arrangementet
Vil du auke sjansen for å få støtte gjennom Horisont Europa? Bli med på vår uformelle opne kafé. Her møter du ein ekspert som har lang erfaring med å vurdere søknader i Horisont Europa. Du får konkrete tips om korleis du skriv ein god søknad. Du får vite kva ekspertane ser etter, korleis prosjekta blir vurderte, og kva du kan gjere for å styrkje søknaden din.
Webinaret handlar om korleis du lagar ein solid søknad til Horsont Europa, ikkje om spesifikke utlysingar. Du får råd om korleis du kan vise kvalitet, betydning (impact) og gjennomføringsevne.
Klyngje 3 i Horisont Europa – Civil Security for Society – dreier seg om tryggleik i samfunnet. Dette inkluderer cybertryggleik, beredskap ved kriser, grensekontroll, migrasjon, og å hindre kriminalitet og terrorisme.
Arrangementet passar for deg som forskar eller jobbar ved eit universitet. Det er også nyttig for deg som jobbar i offentleg sektor med beredskap, tryggleik eller justis. Bedrifter og leverandørar som tilbyr tryggingsløysingar eller løysingar for datatryggleik, kan også ha nytte av arrangementet. Vidare er arrangementet aktuelt for nettverk og næringsklyngjer som er opptekne av samfunnstryggleik.
Dette arrangementet blir halde på engelsk.
Kontakt
Meldinger ved utskriftstidspunkt 20. oktober 2025, kl. 14.45 CEST