Spør KI-samtaleroboten vår
Illustrasjonsbilde åpen digital kafé
Kurs

MSCA Doctoral Networks (DN) – webinar om 2025-utlysinga

Passer for:

Forskarar og EU-rådgivarar

Digitalt:

Arrangementet strømmes

Om arrangementet

MSCA Doctoral Networks (DN) er ei ettertrakta ordning som finansierer doktorgradsstipendiatar frå heile verda i europeiske forskarutdanningsnettverk. Nettverka, eller prosjekta, varar i fire til fem år, og kan finansiere 15 ph.d.-studentar i inntil tre år.

DN finn du i tre variantar: European Standard Networks, European Joint Doctorates (fellesgradar) og European Industrial Doctorates (nærings/offentleg-ph.d.).

MSCA DN er open for alle fagfelt og har ingen tematiske prioriteringar. Dette er med på å gjere dei svært ettertrakta, og difor er konkurransen hard. Av den grunn tilrår vi komande deltakarar/rettleiarar i Doctoral Networks om å delta i dette webinaret. Det gjer at du aukar sjansen for at nettopp ditt DN får finansiering. 

Utlysinga for 2025 opnar 28. mai, og har søknadsfrist 25. november 2025. 

I webinaret får du ei innføring i krav til søknaden og vi går gjennom dei ulike evalueringskriteria. Vi har og med ein DN-koordinator som fekk finansiering for eit par år sidan og som fortel om sine erfaringar.  

All informasjon om utlysinga finn du på Funding & Tenders Portal når utlysinga opnar. Du finn også informasjon om ordninga her.

Det blir ikkje gjort opptak av webinaret. Webinaret blir halde på engelsk.

Presentasjonar

Program

Kontakt

Per Magnus Kommandantvold

  • Banebrytende forskning

Berit Sundby Avset

  • Banebrytende forskning

Meldinger ved utskriftstidspunkt 8. juli 2025, kl. 09.54 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.