Spør KI-samtaleroboten vår
Former som ligger oppå hverandre
Webinar

Innspelsmøte del 2 i vegkartet for forskingsinfrastruktur - Mat og bioressursar

Passer for:

Forskingsorganisasjonar og offentleg finansierte forvaltarar som er eigarar/partnarar i forskingsinfrastruktur

Påmeldingsfrist:

15. juni kl. 15.00

Digitalt:

Arrangementet strømmes

Om arrangementet

Før vi lyser ut nye midlar under Nasjonal satsing på forskingsinfrastruktur, oppdaterer vi vegkartet som fungerer som ein rettleiar for dei som søkjer. Den neste utlysinga er planlaga til november 2025.

Vi inviterer til innspelsmøte om mat og bioressursar i del 2 i vegkartet. Vi ønskjer tilbakemeldingar på om vi har skildra behovet for forskingsinfrastruktur innan dette feltet tydeleg, eller om det finst viktige manglar som vi ikkje har fanga opp.

Sjå utkast til nytt vegkart Norsk vegkart for forskingsinfrastuktur - innspelsversjon.pdf.

Møtet startar med ein kort introduksjon. Etterpå får deltakarane høve til å kome med korte, munnlege innspel (3-5 min) om vegkartet.

Om du ikkje får sagt det du ønskjer under møtet, kan du sende skriftlege innspel i chat’en (maks 2 sider). Vi oppmodar institusjonane til å koordinere innspela sine.

Porteføljestyret for Forskningssystemet vil vedta det oppdaterte vegkartet på møtet 17. september 2025.

Hanna Lee Behrens

  • Hav og polar

Meldinger ved utskriftstidspunkt 18. september 2025, kl. 20.51 CEST

Viktig informasjon

Til utlysingane med søknadsfrist 24. september kl. 13.00 betener vi vakttelefonen +47 22 03 72 00 måndag 22. september og tysdag 23. september kl. 08.00–15.45 og onsdag 24. september kl. 08.00–13.00.