
Innspelsmøte om Petrosenter-utlysinga
- Passer for:
Forskingspartnarar, privat sektor, offentleg sektor og andre samfunnsaktørar
- Digitalt:
Arrangementet strømmes
Om arrangementet
Forskingsrådet planlegg å lyse ut nye Forskningssentrar for petroleum (Petrosenter). Petrosentrane skal skape ny kunnskap og kompetanse for å løyse viktige utfordringar med forvaltning og verdiskaping av petroleumsressursane i Noreg.
Senterane skal byggje på forsking av høg internasjonal kvalitet og samarbeide tett med både fagmiljø og næringsliv. Målet er at ordninga skal gi betre teknologi, føre til meir samarbeid på tvers av landegrenser og utdanne fleire forskarar.
I dag finst det tre aktive Petrosentrar. Desse jobbar med undergrunnsforståing og lågutsleppsteknologi. I neste utlysing planlegg vi å støtte oppstart av inntil to nye sentrar. Kvart senter kan få opptil 15 millionar kroner i året i maks åtte år.
Digitalt innspelsmøte
Vi inviterer til digitalt innspelsmøte om kva tema den kommande utlysinga bør dekkje.
Skisseutlysinga er planlagt hausten 2026. Hovudutlysinga er planlagt same haust.
Dette ønskjer vi innspel på
Tematisk innretning
- Kva bør vere hovudtema for utlysinga?
- Bør vi etterspørje breie prosjekt, eller avgrense til visse tema?
- Kva fagområde innan petroleum er det særleg behov for å forske meir på over tid?
Organisering
Dagens Petrosenter-modell er godt kjend. Treng vi å endre dagens rammeverk i denne utlysinga?
Praktisk informasjon
- Møtet er digitalt og blir teke opp.
- Du kan halde eit kort munnleg innlegg (maks 3–5 minutt) etter innleiinga.
- Du kan også sende inn skriftlege innspel etter møtet, særleg om du ikkje har høve til å delta eller halde innlegg.
Meld interesse og send innspel
- Vi oppmodar om at miljøa koordinerer innspela sine før dei blir sendt inn.
- Gi beskjed til kontaktpersonen for arrangementet om du ønskjer å halde innlegg.
Kontakt
Meldinger ved utskriftstidspunkt 5. august 2025, kl. 14.06 CEST