
Innspelsmøte til nasjonal kvantestrategi
- Passer for:
Næringsliv, forskningsinstitusjonar og andre samfunnsaktørar
- Digitalt:
Arrangementet strømmes
Om arrangementet
Regjeringa har bestemt at Noreg skal lage ein nasjonal strategi for kvanteteknologi. Difor har Kunnskapsdepartementet gitt Forskingsrådet, Innovasjon Noreg og Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) i oppdrag å lage eit kunnskapsgrunnlag. Strategien skal omfatte forsking, innovasjon, næringsutvikling, tryggleik og internasjonalt samarbeid. Hovudarbeidet med strategien skjer i 2026.
Forskingsrådet inviterer no til eit ope innspelsmøte. Vi ønskjer å høyre innspel om:
-
Kor norsk kvanteforsking står sterkast, og korleis næringslivet kan nytte denne kunnskapen til å utvikle nye produkt og tenester.
-
Kva samfunnsområde og sektorar som blir mest påverka av kvanteteknologi.
-
Korleis vi bør samarbeide nordisk og internasjonalt.
- Korleis vi kan byggje eit velfungerande økosystem nasjonalt.
Program
- Velkommen v/Forskingsrådet, Innovasjon Noreg og Nasjonalt tryggingsorgan
- Innlegg frå inviterte
- Korte innlegg (inntil 3 minutt) frå deltakarar – utan powerpoint
- Oppsummering og vegen vidare
Meldinger ved utskriftstidspunkt 4. april 2026, kl. 05.30 CEST
Viktig varsel
Det er planlagt nedetid for SkatteFUNN fra fredag 27. mars kl. 12 til onsdag 8. april kl. 7. Det er ikke mulig å sende inn en søknad i løpet av nedetiden.