
Webinar
Innspelsmøte - digital tryggleik
- Passer for:
Forskingsinstitusjonar, næringsliv og andre samfunnsaktørar
- Pris:
Gratis
- Digitalt:
Arrangementet strømmes
Om arrangementet
Digitale teknologiar og system er overalt i samfunnet vårt. Verda endrar seg raskt, og vi ser auka fokus på beredskap, forsvar og sensitive teknologiar. Difor må digitale system vere trygge, solide og kunne tåle endringar og angrep.
Teknologiar som kunstig intelligens (KI) og kvanteteknologi, gir oss nye moglegheiter, men også nye risikoar. Samtidig blir digitale system stadig meir avanserte og komplekse.
Forskingsrådet planlegg ei ny utlysing om digital tryggleik i 2026. Vi vil gjerne ha dine innspel til korleis denne kan utformast på best mogleg måte.
Du sender inn dine innspel her
Vi ønskjer innspel på
- Kva tema bør vi satse på innan forsking på digital tryggleik?
- Kva er Noreg spesielt gode på innan forsking på digital tryggleik?
- På kva område bør Noreg bygge opp sterke miljø framover?
- Kva må til for at både næringsliv og offentleg sektor har god kunnskap og kompetanse om digital tryggleik i framtida? Gjerne både for opne og skjerma område.
Program
- Velkommen ved Forskingsrådet
- Innlegg frå inviterte deltakarar (4-5 innleiarar)
- Olav Lysne, Professor og Simula Fellow Cyber Security
- Audun Jøsang. Professor i cybertryggleik, UiO
- Angela Wong. CTO, Defendable AS
- Per Håkon Meland. Seniorforskar cybertryggleik, SINTEF Digital
- Ronny Windvik. Forskingssjef cybertryggleik og cyberoperasjonar,
Forsvarets Forskningsinstitutt (FFI) - Vetle Toreid, Senior Expert Lead, Cyber Security, DNB
- Korte innlegg (inntil 3 minutt) frå deltakarar utan power point-presentasjon.
- Oppsummering og vegen vidare
Meldinger ved utskriftstidspunkt 20. november 2025, kl. 17.45 CET
Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.