
Jobbar du med å gjere ferdig ERC Synergy-søknaden din?
- Passer for:
Dette webinaret er for forskarar og EU-rådgivarar ved norske institusjonar som skal sende inn ERC Synergy Grant-søknad 5. november.
- Påmeldingsfrist:
18. september kl. 23:58.
- Digitalt:
Arrangementet strømmes
Om arrangementet
Dette webinaret er berre for forskarar med prosjektansvar (PI) og EU-rådgivarar ved norske institusjonar. Det er for deg som jobbar med ein ERC Synergy Grant-søknad med frist 5. november 2025.
Etter påmeldingsfristen får du beskjed om du har fått plass. Då får du også ei lenkje til eit spørjeskjema. Dersom det er mange som melder seg på, prioriterer vi deltakarar frå institusjonar med lite erfaring med ERC.
I webinaret får du tips og råd om korleis du kan skrive ein god prosjektsøknad og auke sjansen din i konkurransen om Synergy Grant-midlar frå ERC.
Du lærer korleis du planlegg og skriver ein sterk søknad, og korleis du tilpassar søknaden din til det ERC forventar. Vi viser døme, held presentasjonar og har interaktive øvingar, så du unngår vanlege fallgruver.
Webinaret blir haldt på engelsk.
Kurshaldar
Webinaret er arrangert av Innovayt. Innovayt er eit konsulentfirma som hjelper bedrifter og organisasjonar med innovasjon og finansiering frå EU.
Kursleiar er Morten Kröger. Han grunnla Innovayt saman med andre, og er partnar i selskapet. Morten har over 25 års erfaring med både EU-forskingspolitikk, det å skrive søknadar, og evaluering av søknadar. Han har gitt råd til mange som har søkt på ERC-midlar, halde mange kurs og gjennomført prøveintervju. Han har jobba med søkjarar frå mange ulike forskingsområde.
Morten kjenner godt til kva ERC forventar, og korleis dei som vurderer søknadane tenkjer. Dette gjer at han kan gje deg praktiske og strategiske råd for å lukkast med søknadsprosessen.
Program
- 10.00–10.30: Velkommen og introduksjon til ERC Synergy Grant – Grunnleggjande prinsipp og oppdateringar i arbeidsprogrammet for 2026
- 10.30 – 11.00: Kjenneteikn ved konkurransedyktige ERC Synergy Grant-søknader
- 11.05–11.50: Utforming av prosjektet og søknadsskjema
- 11.50–12.15: Lunsj
- 12.15–13.00: Spørsmål og svar med oppsummering
Meldinger ved utskriftstidspunkt 4. september 2025, kl. 13.15 CEST