Professor Eystein Jansen ved Universitetet i Bergen har vore visepresident i Det europeiske forskingsrådet (ERC) sidan 2023. Han har også vore medlem i ERCs vitskaplege råd sidan 2019.
No avsluttar han arbeidet i ERC-leiinga. I samband med dette ønskjer han å dele erfaringane sine frå ERC. Dette kan vere nyttig for deg som vurderer å søkje om støtte frå ERC, som jobbar som EU-rådgivar, eller som allereie har fått eit ERC-stipend.
Universitetet i Bergen og Noregs forskingsråd inviterer derfor forskarar, leiarar, støttepersonell og tidlegare ERC-mottakarar i Noreg til eit seminar om europeisk forsking og ERC.
Seminaret går føre seg i hovudsak på engelsk. Du kan sende inn spørsmål i forkant av arrangementet.