Spør KI-samtaleroboten vår
Kombinasjon av to bilder. Det ene viser skulpturen Atomium i Brussel. Det andre er et EU-flagg med gule stjerner på blå bakgrunn.
Webinar

Skal du søkje ERC Consolidator Grant i januar 2026?

Passer for:

Dette webinaret er for forskarar og EU-rådgivarar ved norske institusjonar som skal sende inn ERC CoG-søknad 13 januar.

Pris:

Inga kursavgift, men påmeldinga er bindande. Det blir teke eit gebyr på kr. 1000 for no-show. Berre fråvær med sjukmelding, rettsinnkalling eller militærteneste blir akseptert som gyldig fråvær.

Påmeldingsfrist:

12. oktober kl. 23:58.

Digitalt:

Arrangementet strømmes

Om arrangementet

Dette webinaret er berre for forskarar og EU-rådgivarar ved norske institusjonar. Det er for deg som skal sende ein søknad til  ERC Consolidator Grant med frist 13. januar 2026. Du kan søke om ERC Consolidator Grant dersom du tok doktorgraden din (PhD) for mellom 7 og 12 år sidan.

Etter påmeldingsfristen får du beskjed om du har fått plass. Då får du også ei lenkje til eit spørjeskjema. Dersom det er mange som melder seg på, prioriterer vi deltakarar frå institusjonar med lite erfaring frå ERC.

I webinaret får du tips og råd om korleis du kan skrive ein god prosjektsøknad og auke sjansen din i konkurransen om Consolidator Grant-midlar frå ERC.

Du lærer korleis du planlegg og skriver ein sterk søknad, og korleis du tilpassar søknaden din til det ERC forventar. Vi viser døme, held presentasjonar og har interaktive øvingar, så du unngår vanlege fallgruver.

Webinaret blir haldt på engelsk.

Program

10.00–10.55 Velkomen og introduksjon til ERC Consolidator Grant.

11.00–12.00 Slik lagar du ein god ERC Consolidator Grant-søknad.

12.00–12.30 Lunsj

12.30–13.25 Korleis utforme prosjektet og fylle ut søknadsskjemaet.

13.30–14.00 Spørsmål, svar og kort oppsummering

Kurshaldar

Webinaret er arrangert i samarbeid med Innovayt. Innovayt er eit konsulentfirma som hjelper bedrifter og organisasjonar med innovasjon og finansiering frå EU.

Kursleiar er Morten Kröger. Morten har over 25 års erfaring med både EU-forskingspolitikk, det å skrive søknadar, og evaluering av søknadar. Han har gitt råd til mange som har søkt på ERC-midlar, halde mange kurs og gjennomført prøveintervju. Han har jobba med søkjarar frå mange ulike forskingsområde.

Morten kjenner godt til kva ERC forventar, og korleis dei som vurderer søknadane tenkjer. Dette gjer at han kan gje deg praktiske og strategiske råd for å lukkast med søknadsprosessen.

Program

  • 10.00–10.30: Velkommen og introduksjon til ERC Synergy Grant – Grunnleggjande prinsipp og oppdateringar i arbeidsprogrammet for 2026
  • 10.30 – 11.00: Kjenneteikn ved konkurransedyktige ERC Synergy Grant-søknader
  • 11.05–11.50: Utforming av prosjektet og søknadsskjema
  • 11.50–12.15: Lunsj
  • 12.15–13.00: Spørsmål og svar med oppsummering

Kontakt

Berit Sundby Avset

  • Banebrytende forskning

Per Magnus Kommandantvold

  • Banebrytende forskning

Meldinger ved utskriftstidspunkt 9. september 2025, kl. 21.18 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.