Spør KI-samtaleroboten vår
Lilla bilde med abstrakt form
Annet

Digital kafé om EØS-midlane - kva kjem i 2026?

Passer for:

Forskarar, EU-rådgivarar og andre som er interesserte i forskingssamarbeid med Polen, Portugal, Tsjekkia, Romania og andre land som tek imot EØS-midlar.

Pris:

Gratis

Om arrangementet

Sjå presemtasjon frå arrangementet (pdf)

Lær meir om moglegheitene for å gjennomføre forskings- og innovasjonsprosjekt gjennom EØS-midlane. Under denne digital kafén gir vi deg oppdatert informasjon om avtalane og fortel om planar for nye utlysingar. 

EØS-midlane er bidrag frå Noreg for sosial og økonomisk utjamning i Europa. Dette gir norske organisasjonar gode høve til å samarbeide med partnarar i mottakarlanda. Midlane kan støtte både forskingssamarbeid, innovasjonsprosjekt og nettverksbygging.

Forskingsrådet er programpartnar i forskings- og innovasjonsprogram finansiert av EØS-midlane og er derfor involvert i utviklinga av programma.

Dette tek vi opp i webinaret:

  • Kva utlysingar og satsingsområde som blir aktuelle for EØS-midlane i 2026
  • Kva krav og moglegheiter norske søkjarar må forhalde seg til
  • Erfaringar frå tidlegare prosjekt og råd om korleis ein finn gode partnarar
  • Moglegheit til å stille spørsmål direkte til ekspertar frå Forskingsrådet

 

Kontakt

Lurer du på noe?
Kontakt

Meldinger ved utskriftstidspunkt 5. mars 2026, kl. 14.02 CET

Viktig informasjon

Til utlysingane med søknadsfrist 11. mars kl. 13.00 betener vi vakttelefonen +47 22 03 70 00 måndag 9. mars og tysdag 10. mars kl. 08.00–15.45 og onsdag 11. mars kl. 08.00–13.00.