Webinar

Digitalt innspelsmøte om nasjonal legemiddelproduksjon og Helse-katapult

Passer for:

Helsenæringa, offentleg sektor og FoU-miljø innan helse

Pris:

Gratis

Påmeldingsfrist:

18. januar kl. 08.00

Digitalt:

Arrangementet strømmes

19. jan. kl. 09:00–12:00

Om arrangementet

Vegkart for helsenæringen vart lansert hausten 2023. Som del av oppfølginga har Siva, Innovasjon Noreg og Forskingsrådet fått i oppdrag å:

  • Etablere ei nasjonal satsing for legemiddelproduksjon 
  • Greie ut korleis helsenæringa i større grad kan få nytte av katapult-ordninga, under dette vurdere om det skal etablerast eit eige helse-katapultsenter 

I samband med dette oppdraget inviterer vi til eit ope digitalt møte for å få innspel til det vidare arbeidet og oppdraget, som har leveringsfrist i mai 2024.

I dette møtet ber me om innspel frå helsenæringa og andre aktørar som samarbeider om helse på følgjande punkt:

Legemiddelproduksjon: Vi ønskjer særleg å få innspel på korleis verkemiddelapparatet bør organisere støtteordningane sine for best å kunne: 

  • støtte opp under ei nasjonal satsing for å leggje til rette for auka legemiddelproduksjon gjennom utvikling av både eksisterande og nye produksjonsmiljø
  • bidra til at ei satsing på legemiddelproduksjon kan utviklast over tid, i tråd med behovet i næringslivet og samfunnet
  • ha internasjonal attraktivitet og bidra til internasjonalt samarbeid

Katapult: Her er det viktig å skilje på behov innan legemiddelproduksjon, helseteknologi og digital helse. Vi ønskjer spesielt å få innspel på: 

  • kva trengst for at helsenæringa i større grad kan nytte seg av eksisterande katapult-senter (for informasjon om katapult-sentera sjå norskkatapult.no
  • om og korleis eksisterande katapult-senter kan forsterkast for i større grad å bli eit verktøy også for helsenæringa
  • om og eventuelt innanfor kva område dagens katapult-senter ikkje gir nødvendig tilbod til helsenæringa
  • korleis ein eventuell helse-katapult bør innrettast

Vi ber alle som ønskjer å gi innspel i møtet til å sende ein e-post til karin.oyaas@siva.no innan 16.01.2024. 

Ver tydeleg på om du ønskjer å spele inn på punkt i. eller punkt ii, eventuelt begge punkta. Innspela kan ikkje vere lengre enn 4 minutt.

Program

09.00 – 10.15: Innspel til nasjonal satsing for legemiddelproduksjon

10.30 – 12.00: Innspel til helse-katapult

Kontaktperson

Karin Øyaas

    Siva

Meldinger ved utskriftstidspunkt 5. mai 2024, kl. 09:44 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.