Spør KI-samtaleroboten vår
Bilde som er satt sammen av to bilder av blå flagg med gule stjerner i sirkel. EU parlamentet, en høy blokk i stål og glass, er i bakgrunnen
Kurs

C.3 Horizon Europe Project Management and Reporting (Oslo)

Hvor:

Oslo, Forskningsrådet - Drammensveien 288 - møterom Abel 1 og 2

Passer for:

Forskningsorganisasjoner,offentlig sektor og næringsliv

Påmeldingsfrist:

26. august kl. 15:00

Om arrangementet

Dette er eit 2-dagars praktisk kurs som vil hjelpe deg til å forstå prosjektleiing, rapporteringskrav  og korleis dette går føre seg i den daglege drifta av prosjektet. I løpet av kurset lærer du om: 

  • Prosjektleiing
  • Dei økonomiske reglane og rapporteringskrav i Horisont Europa
  • Korleis du styrer innovasjonsaktivitetar i eit Horisont Europa-prosjekt
  • Kva du kan gjere for å få mest mogleg ut av prosjektresultata
  • Vi forklarer ipr (intellectual property rights) og korleis du verner desse
  • Korleis du utviklar ein god forretningsplan
  • Ulike måtar å utnytte prosjektresultata kommersielt

Gjennom praktiske presentasjonar og workshops blir du introdusert til alle aspekta du treng å vite om "project management and reporting in Horizon Europe". 

Kursspråket er engelsk, og kurshaldarane er frå Europa Media.

Kursa våre er delt opp i ulike kunnskapsnivå. For at alle skal få mest mogleg utbytte av kursa, er det viktig at du vel rett nivå. Vi har 5 emne (A-E) og tre kunnskapsnivå (1-3).

Dette kurset er på nivå 3: Avansert, og passar for deg som allereie er koordinator eller prosjektleiar, eller som skal støtte andre i organisasjonen. For å ha utbytte av emna på dette nivået er det viktig at du har teke nivå 2-emna tidlegare, eller har tilsvarande kompetanse.

Kven er dette kurset for?

Kurset passar for deg som jobbar som forskar, EU-rådgivar i næringslivet eller offentleg sektor og ønskjer å få meir kunnskap om moglegheitene i Horisont Europa. For å kunne delta må du jobbe i ei norsk verksemd.

Kvifor bør du delta på dette kurset?

Du får grundig opplæring i alle fasar av Horisont Europa som gjeld gjennomføring av eit prosjekt. Vi tilbyr kurs frå Europa Media og Sintef som har førstehandskunnskap og lang erfaring frå å utvikle og leie vellykka prosjekt i Horisont Europa. 

Kursa er gratis og opne for alle, men påmeldinga er bindande. Vi tek eit gebyr på 1 000 kroner for påmelde som ikkje møter opp, eller som melder seg av etter at påmeldingsfristen er utgått.

Nokre av kursa blir haldne digitalt, medan dei fleste kursa har fysisk oppmøte. 

Dei fleste kursa er på engelsk. For webinar vil det bli sendt ut lenkje til innlogging og kursmateriell til påmelde deltakarar nokre dagar før kursstart. 

For program og utfyllande kursomtale, sjå den engelske sida. 

Program

Kontakt

Inger Nordgard

    Internasjonalt samarbeid

Randi Aarekol Basmadjian

    Internasjonalt samarbeid

Meldinger ved utskriftstidspunkt 8. desember 2024, kl. 07.22 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.