Illustrasjonsbilete som er sett saman av to bilete. Det eine viser ein oljeplattform og det andre viser skog.
Webinar

Lågutslepp og trygg energiforsyning – kan kunnskap og teknologi foreine eit paradoks?

Digitalt:

Arrangementet strømmes og opptak blir tilgjengelig

Om arrangementet

Innan 2050 skal Noreg kutte klimagassutsleppa ned mot null. Samtidig er det mangel på energi og store utfordringar rundt energitryggleiken. Korleis går vi fram for å få til eit høgare tempo i omstillinga, og korleis sikrar vi at vegvala og investeringane vi gjer i dag også heng saman med 2050-målet?

I dette frukost-webinaret får vi besøk av:

  • Kristin Halvorsen, direktør i Cicero, senter for klimaforsking. Halvorsen sit også i "Klimautvalget 2050" som er eit utval oppnemnt av regjeringa for å greie ut korleis Noreg kan bli eit lågutsleppssamfunn innan 2050.
  • Gunnar Lille, Direktør i OG21 - Olje og gass for det 21. hundreåret
  • Mari Vassdokken Sigstad, prosjektleiar i Rystad Energy

Bakgrunnen for dette webinaret er at det i november har kome to viktige rapportar som rettar søkjelyset mot desse spørsmåla.

  1. Klimautvalget 2050 - omstilling til lavutslipp - veivalg for klimapolitikken mot 2050 (pdf - regjeringa.no)
  2.   OG21 djupdykk i energiforsyningstryggleik (pdf)

Gjestene presenterer funn frå dei to rapportane. Etterpå blir det ein samtale rundt felles løysingar og om korleis kunnskap, forsking og teknologi kan gjere Noreg i stand til å nå utsleppsmåla.

Rune Volla, avdelingsdirektør i Avdeling for Energi og energiomstilling i Forskingsrådet leier webinaret.

Det er mogleg å sende inn spørsmål til gjestene i løpet av webinaret. 

Om klimautvalget 2050  

27. oktober overrekte Klimautvalget 2050 NOU-rapporten "Omstilling til lavutslipp: Veivalg for klimapolitikken mot 2050" til Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Rapporten har vore under arbeid sidan 2021. Hovudmålet til ekspertutvalet bak rapporten er å gjere ei heilskapleg utreiing av vegvala Noreg står overfor for å nå klimamålet i 2050, og vise korleis Noreg kan bli eit lågutsleppssamfunn i 2050, på ein mest mogleg kostnadseffektiv måte, med effektiv ressursbruk og eit konkurransedyktig næringsliv.

Denne omstillinga må også medverke til ei utvikling som sikrar naturmangfaldet og eit berekraftig velferdssamfunn. Utvalet vurderer måloppnåing og nytteverdi opp mot den samfunnsøkonomiske kostnaden. 

Dette er første gang vi får ei norsk offentleg utgreiing som analyserer petroleumssektoren i ein situasjon der vi skal omstille Noreg til eit lågutsleppssamfunn og kutte 90-95 prosent av utsleppa (Cicero,2023).

Du kan lese meir om Klimautvalget 2050 på nettsidene deira

Om OG21  

OG21 - Olje og gass for det 21. århundre – er ein nasjonal teknologistrategi for olje- og gassverksemda. Styret for gruppa er oppnemnt av Olje- og energidepartementet og skal utarbeide ein heilskapleg nasjonal teknologistrategi i petroleumssektoren, som skal vere retningsgivande for den samla teknologi- og forskingsinnsatsen til næringa og styresmaktene.

OG21 set kvart år søkjelys på eit utval emne med stor strategisk verd for norsk petroleumsverksemd. I 2023 ser dei på rolla til Noreg som kanskje den viktigaste energipartnaren for Europa, og korleis teknologi bidrar til forsyningstryggleik frå norsk sokkel. 

Energitryggleik er no sett enno tydelegare på dagsordenen. Samtidig er den 6. rapporten frå klimapanelet til FN tydelegare enn nokon gong på at det hastar med å få ned klimagassutsleppa. Sjølv om norske leveransar av naturgass til Europa vil vere innanfor det ein treng i energiomstillings-scenario, kan det i lys av rapporten til Klimapanelet verke som eit paradoks at Noreg skal oppretthalde produksjonen av petroleum. 

Tiltak i petroleumsnæringa, og då særleg elektrifisering, er viktig både for å nå klimamåla til Noreg og petroleumsnæringa. Men med stor trong for elektrifisering også i andre næringar og sektorar og med utsikter om mogleg kraftunderskot før 2030, blir no elektrifiseringsprosjekt i petroleumsnæringa utfordra. 

Nye teknologiar som flytande havvind og CCS kan vere med på å løyse utfordringar gjennom energiomstilling. Dei kan både bidra til å redusere utslepp frå petroleumsproduksjonen og til å gi lågutslepps-energi til Norge og Europa.

Men også slike løysningar medfører diskusjon, for eksempel knytt til utveksling av kraft med utlandet. Noreg har i løpet av det siste året blitt ein enno viktigare energipartnar for Europa. Vi kan halde fram med å bidra til energitryggleik i Europa, gitt at vi klarar å vidareutvikle sokkelen med dei utfordringane vi står overfor. Teknologi og kunnskap står sentralt for å få til dette. 

Du kan lese meir om OG21 på nettsidene deira

Kimberly C. Mayes

    Energi og energiomstilling

Linda Jarrett

    Klima og miljø

Meldinger ved utskriftstidspunkt 10. oktober 2024, kl. 20.03 CEST

Viktig varsel

Til utlysingane med søknadsfrist ved midnatt 16. oktober, inkludert innovasjonsprosjekt i næringslivet, betener vi vakttelefonen +47 22 03 72 00 måndag 14. oktober, tysdag 15. oktober og onsdag 16. oktober kl. 08.00–15.45 .