Seminar

Kick-off for partnarskapen ERA4Health i Noreg

Passer for:

Forskarar, prosjektleiarar, rådgivarar, næringslivet

Pris:

Gratis

Påmeldingsfrist:

26. oktober kl 07.00

Digitalt:

Arrangementet strømmes

27. okt. 2023 kl. 09:30–11:00

Om arrangementet

Partnarskapen ERA4Health vil i åra framover vere ein viktig bidragsytar til FoUoI finansiering for å løyse utfordringane Europa står overfor på helseområdet. Vi treng kunnskap om tiltak for betre livskvalitet og pasientbehandling. Det er behov for effektive helsetenester som er likeverdige, tilgjengelege og berekraftige. Og det er behov for å styrkje førebyggjande og helsefremjande arbeid.  

Gjennom ERA4Health går 34 forskningsfinansiører frå 22 land saman for å auke transnasjonalt forskingssamarbeid som tek fatt i desse utfordringane. ERA4Health er ein del av Horisont Europa. 

I webinaret får du vite meir om korleis partnarskapen er bygd opp, prioriteringane og kva utlysingar som kjem. Du får vite om korleis ERA4Health jobbar for å mogleggjere transnasjonale europeiske kliniske studiar. Du får også høyre frå forskarar som har delteke i prosjekt i tidlegare ERA-nettverk som partnarskapen spring ut frå og kva erfaringar dei har gjort seg.  

Program

Kontaktpersonar

Henrietta Blankson

    SpesialrådgiverHelse og offentlig sektor

Cecilie Anita Mathiesen

    SeniorrådgiverMuliggjørende teknologier

Meldinger ved utskriftstidspunkt 7. mai 2024, kl. 11:54 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.