Møte

Frukostmøte: Moglegheiter for rettsvitskaplege forskarar i Horisont Europa

Passer for:

Forskarar, EU-rådgivarar og andre som er interesserte i å høyre om moglegheitene for rettsvitskaplege forskarar i Horisont Europa

Pris:

Gratis

Digitalt:

Arrangementet strømmes

20. sep. 2023 kl. 09:00–10:00

Om arrangementet

EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont Europa, byr på fleire moglegheiter for rettsvitskaplege forskarar. Forskingsrådet inviterer til digitalt frukostmøte 20. september kl. 9-10 for å snakke om kva moglegheiter som finst, og dessutan kva hjelp og støtte vi kan tilby i søknadsprosessen.   

Maja Janmyr, jurist og professor i internasjonal migrasjonsrett ved UiO, vil fortelje korleis det er å leie og delta i fleire internasjonale forskingsprosjekt. I 2019 fekk ho ERC Starting Grant for prosjektet BEYOND, og ho deltek også i Horisont 2020 prosjektet AISLE. Ho vil dele erfaringa si frå søkjeprosessen og frå gjennomføringa av EU-prosjekt. Det vil vere rom for å stille spørsmål undervegs.   

Vi håpar å treffe både forskarar, EU-rådgivarar og andre som er interesserte i å høyre om moglegheitene for rettsvitskaplege forskarar i Horisont Europa. Ta med kaffikoppen og logg på frukostmøtet for ein time med inspirasjon og tips til å søkje finansiering frå EU!  

Kontaktperson

Anette Askedal

    SeniorrådgiverVelferd og utdanning

Meldinger ved utskriftstidspunkt 8. mai 2024, kl. 00:07 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.