All mikroplast er ikkje like farleg viser forsking
Når plast blir broten ned i naturen, blir han gradvis til mindre og mindre partiklar. Dei aller minste er så små at dei er svært vanskelege å finne og måle. Det har gjort det vanskeleg å vite kvar dei hamnar, kva organismar som blir utsette for dei og kva risiko dei kan utgjere.

Dette var nokre av utfordringane forskarane ønskte å løyse då forskingsprosjektet REVEAL starta i 2020. Seks år seinare har prosjektet gitt ny kunnskap om korleis mikro- og nanoplast oppfører seg i naturen, og kva som kan gjere partiklane skadelege.
– Vi må slutte å tenkje på mikroplast og nanoplast som om det var éin type forureining. Det er i røynda ei svært kompleks blanding av ulike typar forureining, seier Andy Booth, prosjektleiar og sjefsforskar ved Sintef Ocean.
Han samanliknar det med kjemikaliar. Vi ville aldri behandla alle kjemikaliar som eitt stoff og forventa at dei hadde same eigenskapar eller vere like giftige. På same måte kan plastpartiklar ha ulik storleik, form og kjemisk samansetning. Kor lenge dei har vore i naturen og kva dei har vore utsette for, speler også inn.
Gjer dei minste plastpartiklane lettare å studere

Då REVEAL starta, var plastpartiklar under rundt ti mikrometer svært vanskelege å identifisere og måle i prøver frå miljøet og levande organismar.
Forskarane har utvikla og forbetra fleire analysemetodar som gjer det mogleg å undersøkje stadig mindre partiklar. Dei har mellom anna vidareutvikla metodar for å analysere plastmateriale under éin mikrometer og dei har utvikla ein metode for å påvise små plastpartiklar i gjeller og fordøyingsorgan hos blåskjel.
– Vi har fått mykje betre verktøy og vi forstår avgrensingane deira betre. Det gjer at vi kan undersøkje spørsmål som var svært vanskelege å studere då prosjektet starta. Men utfordringane med å analysere nanoplast er framleis ikkje løyste, seier Booth.
Forskarane har også undersøkt korleis nanoplast oppfører seg i ulike vassmiljø. Resultata viser at partiklane kan halde seg relativt stabile i ferskvatn, men at dei byrjar å klumpe seg saman når dei møter saltvatn.
Kva slags plast partiklane består av, kan dermed få noko å seie for om dei søkk eller flyt. Det påverkar igjen kvar dei hamnar og kva organismar som kan bli utsette for dei.
Kjemikaliane kan vere avgjerande
Eit av dei viktigaste resultata frå REVEAL handlar om kva som faktisk gjer plast skadeleg.
I fleire laboratorieforsøk gav plastpartiklane i seg sjølv relativt små biologiske effektar.
Kjemikaliar som var knytte til eller vart frigjorde frå plasten, gav derimot sterkare reaksjonar hos organismane.
Forskarane fann også at historia til plasten hadde noko å seie. Nedbrote materiale inneheldt fleire kjemikaliar, medan trykte og resirkulerte plastposar hadde ei anna kjemisk samansetning enn heilt nye plastposar.
– To partiklar laga av same plasttype representerer ikkje nødvendigvis den same miljøfaren. Korleis plasten er produsert, om han er trykt eller resirkulert og korleis han har vorte brote ned i miljøet, kan påverke kva kjemikaliar han inneheld og frigjer, seier Booth.
I forsøk med blåskjel fann forskarane plastpartiklar i gjeller og i fordøyingsorgana. Ved høge eksponeringsnivå observerte dei også biologiske reaksjonar knytte til mellom anna stress og DNA-skade.
Booth understrekar at dette ikkje betyr at blåskjel i naturen nødvendigvis tek skade av mikroplast. Laboratorieforsøka viser kva som kan skje under bestemde forhold. Den faktiske miljørisikoen kjem også an på kor mykje plast og kva type kjemikaliar organismane blir utsette for i naturen.
Kan gi meir treffsikre miljøtiltak
Resultata kan få noko å seie for korleis styresmaktene overvaker og vurderer plastforureining.
I dag er talet på plastpartiklar og konsentrasjonen av mikroplast viktige mål. REVEAL viser kvifor dette ikkje nødvendigvis er tilstrekkeleg for å vurdere miljørisikoen.

– Vi bør ikkje behandle all mikroplast som om han var lik eller rekne med at det nødvendigvis er der vi finn flest partiklar at risikoen er størst. Vi må finne ut kva partiklar og tilhøyrande kjemikaliar som gir størst grunn til bekymring og kvar tiltaka kan ha størst effekt, seier Booth.
Kunnskapen frå REVEAL inngår allereie i eit større internasjonalt forskings- og forvaltningsarbeid. Booth har mellom anna bidrege til EU-kommisjonens oppdaterte rettleiing for overvaking av marin f
orsøpling og til retningslinjer for overvaking av mikroplast i Arktis.
Han understrekar at REVEAL er eitt av fleire forskingsbidrag som ligg til grunn for utviklinga av slike retningslinjer.
– Skal vi klare å verne naturen mot plastforureining, må vi vite meir enn kor mykje plast som faktisk finst. Vi må forstå kva som skjer når plasten blir broten ned, kva kjemikaliar som blir frigjorde og kva konsekvensar dette kan få for livet i vatnet, på land og for helsa til menneska. Denne forskinga gir oss eit betre kunnskapsgrunnlag for å vurdere risiko og prioritere tiltak, seier Eva Falleth, områdedirektør for berekraftig samfunnsutvikling i Forskingsrådet.
Ti millionar kroner gav varig kompetanse
Forskingsrådet har støtta REVEAL med ti millionar kroner. Finansieringa gjorde det mogleg å samle forskarar frå SINTEF, NIVA, NTNU, Göteborgs universitet og det franske forskingsmiljøet CNRS.
Saman har dei utvikla analysemetodar, undersøkt korleis plast blir broten ned og bevegar seg i miljøet, og studert kva effektar partiklane og kjemikaliane kan ha på organismar.
Støtta gjorde det også mogleg å tilsetje ein postdoktor ved NTNU og bidra til utdanning av nye forskarar. Prosjektet har så langt resultert i 13 fagfellevurderte artiklar med open tilgang, seks bokkapittel og fleire bachelor- og masteroppgåver.
Men Booth meiner verdien av finansieringa strekkjer seg langt utover publikasjonane.
– Langsiktig forskingsfinansiering handlar ikkje berre om å finansiere forsøk og publikasjonar. Vi byggjer menneske, kompetanse, nettverk og vitskapleg truverd som kan halde fram med å skape verdi lenge etter at det opphavlege prosjektet er avslutta, seier han.
Kompetansen frå REVEAL er allereie brukt vidare i europeiske forskingssamarbeid. Mellom anna har metodane for å produsere meir realistiske plastpartiklar bidrege inn i PlasticTrace, eit europeisk prosjekt som arbeider med betre og meir samanliknbare målingar av mikroplast.
– Dette viser kvifor langsiktig forskingsfinansiering er viktig. Støtta frå Forskingsrådet har gitt ny kunnskap, betre analysemetodar og styrkt internasjonalt samarbeid. Slik byggjer vi forskingsmiljø som kan bidra til å løyse miljøutfordringar også lenge etter at kvart enkelt prosjekt er avslutta, seier Falleth.
For Booth er den viktigaste lærdommen frå REVEAL at vi må slutte å behandle mikroplast som éin type forureining.
– Skal vi forstå miljørisikoen, må vi vite kva partiklar og kjemikaliar som finst, korleis dei endrar seg og oppfører seg i miljøet, kva organismar faktisk blir utsette for og kva effektar dette kan ha.
Betre kunnskap om nett dette kan gjere det mogleg å prioritere tiltaka mot plastforureininga som utgjer størst risiko for naturen.
- Tittel: Formation of small plastic particles in the environment and their bioavailability, accumulation and impacts on aquatic species / Danning av små plastpartiklar i miljøet: Biotilgjengelegheit, akkumulering og påverknad på akvatiske artar
- Tildelt: 10,0 millionar kroner
- Prosjektleiar: Andy Booth
- Prosjektnummer: 301157
- Søknadstype: Kompetanse- og samarbeidsprosjekt (samarbeid)
- Prosjektperiode: 2020–2026
- Prosjektansvarleg: SINTEF OCEAN AS
- Samarbeidsland: Frankrike og Sverige
Les meir om prosjektet i Prosjektbanken.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 9. november 2026, kl. 12.32 CET
Vakttelefon til søknadsfrist
Vakttelefonen +47 22 03 70 00 er open måndag 9. og tysdag 10. november kl. 08.00–15.45, og onsdag 11. november kl. 08.00–13.00.