Kva skal forskinga forandre?
Kan vi overleve kreft utan å få hjarteskadar av behandlinga? Korleis kan eldre få tryggare hjelp med medisinane sine? Og kvifor gjer vi oss opp så mange meiningar om menneske vi knapt kjenner? Finalistane i Forskar Grand Prix prøver å finne svar på svært ulike spørsmål. Felles for dei er ønsket om at ny kunnskap skal gjere ein forskjell.

Bak dei korte presentasjonane på scena ligg fleire års arbeid med problemstillingar som påverkar både enkeltmenneske og samfunnet. Men kva det vil seie at forskinga skal gjere ein forskjell, varierer.

For Victoria Vinje-Jacobsen ved Universitetet i Oslo handlar forskinga om eit dilemma: Behandlinga som reddar livet til ein kreftpasient, kan samtidig skade hjartet. Stadig fleire overlever brystkreft. Men nokre utviklar hjartesjukdom som følgje av behandlinga, anten undervegs eller fleire år seinare. Vinje-Jacobsen undersøkjer korleis legane kan oppdage teikn på hjarteskade tidleg og om det er mogleg å førebyggje eller redusere skadane.
– Målet er at ein skal overleve kreft utan at hjartet betaler prisen, seier ho.
Ho var éin av ti forskarar som deltok i den nasjonale finalen i Forskar Grand Prix, der ho gjekk heilt til topps.
Når dei det gjeld, får vere med
Av og til handlar spørsmålet om kor viktig forskinga er om å endre måten menneske blir møtte på. For desse forskarane er ikkje medverknad berre noko som skjer når resultata skal takast i bruk. Menneska sine eigne erfaringar er ein del av kunnskapsgrunnlaget. For intensivsjukepleiar og stipendiat Mathilde Elsa Christensen ved Universitetet i Agder byrjar det på intensivavdelinga.
Ho forskar på ungdom som opplever at nokon dei er glade i, blir akutt alvorleg sjuke. Møtet med ein forelder i koma, kopla til respirator og omgitt av medisinsk utstyr, kan vere overveldande. Ungdommane Christensen har snakka med, fortel også om erfaringar med å bli oversett.

– Helsepersonell har stor makt og med den følgjer det eit stort ansvar. Ansvaret startar med å sjå ungdom og seie «hei».
Christensen undersøkjer kva ungdommane sjølv meiner helsepersonell kan gjere for å vareta dei betre. Målet er at forskinga skal bidra til endringar i klinisk praksis.
Også Malle Vogelsang ved Nord universitet er oppteken av at menneska forskinga gjeld, skal få innflytelse.
Ho undersøkjer korleis digitale løysingar for den psykiske helsa til unge kan utviklast ved hjelp av mellom anna «recovery»-forteljingar – personlege historier frå menneske med eigne erfaringar med psykiske helseutfordringar.
– Unge sjølv må få ei stemme i utviklinga av tilboda som er meinte for dei, seier Vogelsang.
Den same tankegangen står sentralt i forskinga til Unn Siri Olsen ved Senter for omsorgsforsking ved Nord universitet.
Ho undersøkjer persontilpassa og trygg legemiddelbruk blant heimebuande eldre. I prosjektet har eldre, pårørande og helsepersonell bidrege til å utvikle tiltak, og eldre har delteke som medforskarar.
Funna viser at trygg legemiddelbruk handlar om meir enn rett medisin, dose og tidspunkt. Det handlar også om å forstå medisinane ein tek, å bli høyrt og å få tilpassa ansvar og medråderett.
Frå forsking til konkrete løysingar

Andre finalistar arbeider med spørsmål der målet er å utvikle eller forbetre noko som kan brukast i praksis.
Ådne Ausland ved Universitetet i Agder undersøkjer kva kvinnelege idrettsutøvarar treng frå trenarane sine, og kva kunnskap trenarane treng om mellom anna menstruasjonssyklus, ernæring, kropp i endring og relativ energimangel.
Forskinga har bidrege til utviklinga av eit digitalt trenarkurs som 260 norske trenarar allereie har gjennomført.
– Eg brenn for at forsking ikkje berre skal bli støvete papir for andre forskarar. Det må ut til folk, seier Ausland.
For Arefeh Lotfi ved UiT Noregs arktiske universitet er utfordringa ein heilt annan.
Når snø og is hindrar sporvekslane på jernbanen i å fungere, blir elektriske varmeelement brukte for å halde dei i gang. Men oppvarminga krev mykje energi.
Lotfi undersøkjer om betre isolasjon og endra plassering av varmeelementa kan redusere energibruken utan at det går ut over pålitelegheita gjennom vinteren.
Også Arthur Kruse Sørensen ved UiT forskar på moglegheiter for nye løysingar, men innanfor medisin. Han undersøkjer bakteriofagar – virus som angrip bakteriar – og moglegheita for å bruke dei som behandling. For å komme dit må forskarane mellom anna forstå korleis virusa fordeler seg i kroppen og korleis immunsystemet reagerer på dei.
Prosjekta er ulike, men illustrerer noko av det same: Ny kunnskap kan bli til betre oppfølging, meir effektiv teknologi eller framtidige behandlingsmoglegheiter. Samtidig krevst det ofte mykje forsking før ei løysing er klar til bruk.
Før vi kan endre noko, må vi forstå det

Ikkje all forsking gir eit tiltak eller ein ny teknologi som straks kan takast i bruk. Forskinga sin verdi består også i å gi oss betre forståing av problem og samanhengar vi elles kan ta for gitt.
Åsmund Olaf Bratholm ved Bærum sjukehus undersøkjer samanhengen mellom sosioøkonomisk status og hjartehelse.
Han er oppteken av at forskjellar i helse ikkje berre kan forståast som eit resultat av individuelle val. Ressursar, oppvekstvilkår og moglegheiter gjennom livet kan også ha noko å seie.
Ivar Tokheim ved Høgskulen på Vestlandet prøver på si side å forstå kva som kan styrkje elevars motivasjon i matematikk. Han undersøkjer om verkemiddel frå mellom anna populærvitskap, fritidsmatematikk og populærkultur kan skape større interesse og engasjement for faget.
Anna-Luise Schönheit ved Universitetet i Bergen forskar på kulturkamp og politisk polarisering.

Ho undersøkjer kva som skjer når vi får vite éin ting om kva eit menneske meiner. Om nokon fortel deg kva syn dei har på klimasaka, byrjar du kanskje også å anta kva vedkommande elles meiner om innvandring eller likestilling.
Schönheit vil forstå korleis vi set saman slike antakingar om andre menneske, og korleis dei påverkar måten vi møter kvarandre på.
Frå ny kunnskap til ein forskjell i samfunnet
Ein kreftpasient som slepp å få hjarteskadar. Ein ungdom som blir inkludert når ein forelder er alvorleg sjuk. Ein eldre person som får større innflytelse over eigen legemiddelbruk. Ein trenar som får betre kunnskap om utøvarane sine. Dette er nokre av endringane forskarane håpar arbeidet deira kan bidra til.
Prosjekta viser også at vegen frå forsking til samfunnsnytte ikkje alltid er kort eller rett fram.
Av og til kan kunnskapen omsetjast i konkrete tiltak. Andre gonger må forskarane først undersøkje om ei mogleg behandling er trygg, eller forstå kvifor eit problem oppstår. Og av og til ligg verdien i at forskinga utfordrar tankane og fordommane våre og gir oss eit betre grunnlag for å ta avgjerder.
Det som bind finalistane saman, er ikkje at alle skal levere ei ferdig løysing. Det er at dei prøver å skape kunnskap som kan brukast av fleire enn dei som sjølv arbeider med forskinga. Forskarane må ikkje berre finne svar. Dei må også klare å forklare kvifor spørsmåla er viktige og kva kunnskapen kan bety for resten av oss.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 27. oktober 2026, kl. 12.07 CET