Spør KI-samtaleroboten vår

Ny rapport om økonomien i UH-sektoren

Forskingsrådet har bedt Oslo Economics og NIFU om ein analyse der dei ser på utviklinga av dei økonomiske rammene for UH-sektoren fram til i dag og i åra framover. No er rapporten klar.

Universitet og høgskular har dei siste åra måtta redusere kostnader, nedbemanne og omstille seg. Dette er krevjande prosessar for kvar enkelt institusjon og vi har så langt ikkje hatt oversikt over kva desse tiltaka får av betydning for forskinga i stort.

Med dette som utgangspunkt har Oslo Economics og NIFU sett på korleis utviklinga har, og vil, påverke forskinga framover.

I rapporten presenterer dei eit utfordrande bilete for UH-institusjonane. Sjølv om dei skjermar forskinga så godt dei kan, er det fare for at forskinga blir meir skadelidande framover. Samtidig viser rapporten at institusjonane evnar å omstille seg i takt med endra økonomiske rammene dei har.

– Det er viktig for Forskingsrådet å følgje utviklinga i forskingssektoren. Denne rapporten gir eit viktig bilete av utvikling av dei økonomiske rammene i UH-sektoren, seier administrerande direktør i Forskingsrådet Mari Sundli Tveit.

Den økonomiske analysen viser at sektoren samla sett har redusert utgiftene sine til forsking. Det har over tid vore ei vriding av midlar frå dei gamle universiteta til dei nye. Totalt sett har sektoren kutta i forsking: Dei nyare universiteta har auka utgifter til forsking og utvikling (FoU), men med mindre enn dei eldste universiteta har kutta i FoU-utgifter.

Rapporten viser også at institusjonane ventar sterkare konkurranse og dermed sterkare konsentrasjon av forskinga på grunn av stordriftsfordlar, både i undervisning og i forsking, og at dei største institusjonane derfor vil stå sterkast i denne konkurransen.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 26. januar 2026, kl. 16.33 CET

Viktig informasjon

Vi har for tiden problemer med påmeldinger til arrangementer. Du blir meldt på, men det kan ta lang tid før du får e-post med bekreftelse.

{ }