No er Open Research Europe tilgjengeleg for norske forskarar

Frå 2. november 2026 har norske forskarar fri tilgang til å lese og publisere forsking hos Open Research Europe. Plattforma skal bidra til eit meir ope og berekraftig system for vitskapleg publisering.

Open Research Europe (ORE) vart etablert av EU-kommisjonen i 2021, først og fremst for forskarar med finansiering frå EUs forskings- og innovasjonsprogram. No blir ordninga utvida. Dette betyr at forskarar ved norske forskingsinstitusjonar får ein ny open publiseringskanal.

– Gjennom utvidinga av Open Research Europe er Noreg med på å utvikle eit meir ope, transparent og berekraftig system for vitskapleg publisering. Det er eit viktig steg på vegen mot full open tilgang til å lese og publisere forsking. Ved å publisere forskinga si hos ORE og engasjere seg som fagfellar, kan norske forskarar no bidra til å styrkje kvaliteten og betydninga av plattforma, seier områdedirektør i Forskingsrådet Benedicte Løseth.

Forskarar og andre som vil vite meir om korleis Open Research Europe fungerer, kan vere med på eit lanseringswebinar 1. desember 2026.

Les meir og meld deg på webinaret.

Gratis å publisere og gratis å lese

ORE følgjer den såkalla diamantmodellen for open publisering. Det inneber at verken forskaren eller lesaren betaler.

Plattforma tek imot forskingsbidrag frå alle fagområde og fleire typar forskingsresultat enn tradisjonelle forskingsartiklar. Det gjeld mellom anna metodeartiklar, studieprotokollar, datanotat, replikasjonsstudiar og negative og stadfestande resultat.

Dette gjer det mogleg å publisere resultat frå fleire delar av eit forskingsprosjekt og gjere meir av forskingsarbeidet synleg, noko som styrkjer truverdet til resultata.

For Forskingsrådet er ORE eit supplement til eksisterande publiseringskanalar og eit bidrag til eit meir ope og berekraftig publiseringssystem.

Fagfellevurderinga skjer ope

ORE bruker modellen «Publish–Review–Curate». Innsende manuskript går først gjennom ein kvalitetskontroll. Når krava er oppfylte, blir teksten publisert med eit digitalt identifikasjonsmerke (Digital Object Identifier eller DOI), slik at forskinga blir tilgjengeleg og kan siterast. Deretter går teksten gjennom den opne fagfellevurderinga.

Fagfellevurderingane blir publiserte ope, slik at alle kan lese dei. Dei får eigne DOI-ar og kan dermed også siterast. Forskarane kan oppdatere artikkelen på grunnlag av vurderingane.

Når artikkelen har fått anten to fagfellevurderingar som tilrår publisering, eller éin som tilrår publisering og to som tilrår publisering med atterhald, blir han indeksert hos mellom anna Scopus, Google Scholar og Crossref.

Modellen skal kombinere rask deling av forskingsresultat med kvalitetskontroll og ei open og etterprøvbar fagfellevurdering.

På veg mot ei felleseuropeisk publiseringsteneste

Endringa inneber også at ORE får ein ny styrings- og finansieringsmodell.

17 forskingsfinansierande og forskingsutførande organisasjonar frå 11 europeiske land deltek i samarbeidet. Dei elleve landa er Austerrike, Frankrike, Tyskland, Italia, Nederland, Noreg, Portugal, Slovenia, Spania, Sverige og Sveits.

CERN står for den daglege drifta av ORE, medan organisasjonane som deltek i samarbeidet, saman har ansvar for den strategiske retninga. Forskingsrådet deltek i styringa.

Den nye modellen skal utvikle ORE frå ei plattform primært for EU-finansierte forskarar til ein felleseuropeisk, ikkje-kommersiell publiseringsteneste.

For perioden 2026–2030 er det sett av over 16 millionar euro til ORE. EU-kommisjonen finansierer 60 prosent, medan organisasjonane som deltek i samarbeidet, finansierer dei resterande 40 prosentane.

Noreg er også representert i Ores vitskaplege rådgivande utval. Jan Magnus Aronsen ved Universitetet i Oslo vart i oktober vald inn i Scientific Advisory Board. Det gir, saman med Forskingsrådets deltaking i styringa, Noreg moglegheit til å bidra til den vidare utviklinga av plattforma.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 2. november 2026, kl. 11.37 CET

Viktig informasjon

I tidsrommet frå kl. 18.00 fredag 6. november til kl. 23.00 laurdag 7. november planlegg vi ein oppdatering av søknadssystemet vårt. I denne perioden vil det periodevis vere stengt for innlogging, og du vil kunne oppleve ustabilitet. Vi beklagar ulempene dette fører med seg. Vi jobbar kontinuerleg med å forbetre løysinga og håpar du vil vere tolmodig med oss.