Indikatorrapporten 2026: Lågare forskingsinnsats, men sterke resultat

Noreg brukte 94,4 milliardar kroner på forsking og utvikling i 2024. Justert for pris- og lønnsvekst er det ein nedgang på nesten fem prosent frå året før. Samtidig heldt forskingsinnsatsen fram med å vekse i OECD-landa, viser Indikatorrapporten 2026.

Vi ser mennesker som går på Aker Brygge i frostdisen
Foto: Jonas Bendiksen

For første gong sidan 1970 var det ingen nominell vekst i Noregs samla utgifter til forsking og utvikling (FoU) i 2024. Nedgangen målt i faste prisar omfattar både næringslivet, instituttsektoren og universiteta og høgskulane.

Næringslivet har dei siste åra vore vekstmotoren i norsk forsking. I 2024 fall FoU-utgiftene til bedriftene med nær seks prosent, justert for pris- og lønnsvekst.

– Rapporten viser ein brei nedgang i forskingsinnsatsen. Eitt år åleine er ikkje nok til å slå fast eit trendbrot, men utviklinga gir grunn til å følgje nøye med. Samtidig har Noreg sterke forskingsmiljø og gode resultat å byggje vidare på, seier administrerande direktør i Forskingsrådet, Mari Sundli Tveit.

Færre forskingsårsverk, men sterke resultat

Også antallet FoU-årsverk gjekk ned i 2024. Nedgangen, på om lag fire prosent, er den første registrerte nedgangen i samla FoU-årsverk i historia til den norske statistikken.

Internasjonalt var utviklinga ein annan. Førebelse tal viser at FoU-utgiftene i OECD-landa auka med 2,6 prosent i faste prisar i 2024. Noregs FoU-utgifter utgjorde 1,75 prosent av bruttonasjonalproduktet, mot 2,7 prosent for OECD samla.

Rapporten viser fleire norske styrkar:

  • Gjennomslag i Europa: Norske aktørar hadde per juni 2026 henta inn nesten 1,9 milliardar euro frå Horisont Europa. Suksessraten var høgare enn gjennomsnittet for alle land.
  • Høg vitskapleg produksjon: Målt per innbyggjar publiserer berre Danmark og Sveits fleire vitskaplege artiklar enn Noreg.
  • Ny kunnskap blir teken i bruk: Norske publikasjonar vart siterte 18 prosent meir enn verdsgjennomsnittet i perioden 2023–2024. 

Indikatorrapporten gir eit samla bilete av norsk forsking og innovasjon og samanliknar utviklinga med andre land. Årets rapport har innovasjon og innovasjonsevne som tema. Les Indikatorrapporten 2026.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 11. november 2026, kl. 14.13 CET

Vakttelefon til søknadsfrist

Vakttelefonen +47 22 03 70 00 er open måndag 9. og tysdag 10. november kl. 08.00–15.45, og onsdag 11. november kl. 08.00–13.00.